Odda: Debattmøte om lokal klimapolitikk

DATO: 26/08/2019

KLOKKESLETT: kl 18:00 til kl 20:00

STED: Litteraturhuset i Odda |

I høve kommunevalet: Klima-utfordringar i Hardanger og nye Ullensvang kommune

Frå nyttår går kommunane Odda, Ullensvang og Jondal saman i éin felles storkommune under namnet Ullensvang. Odda er ein stad som har fått føle dramatiske resultat av klimaendringane. Dessutan skal kommunen allereie i 2020 vedta ein klima- og miljøplan.

Med dette som bakgrunn inviterer Besteforeldrenes klimaaksjon til ope møte med deltaking frå listetoppar/leiarar frå samtlege politiske parti. Møtet vil verte streama av Hardanger Folkeblad.

Innleiarar:
Helge Drange: Kort om globale utfordringar. Drange kjem frå Bjerknessenteret for klimaforskning, og er ein av landets fremste klimaforskarar og formidlarar.
Hilde Holdhus: Målsetningar og innhald i klima- og miljøplanen i Ullensvang. Holdhus er leiar av Greensight, Bergen. Ho har brei erfaring som klimaformidlar, og kjenner Odda og Ullensvang godt.

Debattdeltakarar:
Finn Hagen, førstekandidat FrP
Tiril Eiken, ungdomskandidat Senterpartiet
Terje Kollbotn, førstekandidat Raudt
Eivind Tokheim, førstekandidat Venstre
Reidun Haugen Dalseth, førstekandidat KrF
Rachel Tapio, førstekandidat MDG
Roald Aga Haug, førstekandidat Arbeidarpartiet
Inger Marie Himle, førstekandidat SV
Erlend Nævdal Bolstad, førstekandidat Høgre

Møteleiar/debattleiar: Heidi Torkildson Ryste, leiar i Næringshagen i Odda

Arrangør: Besteforeldrenes klimaaksjon, mottaker av Hordaland fylkesting sin miljøpris 2018

Spre kunnskap –
del denne saken!