Hordfast nei takk!

hordfast-liten
Hordfast med sin over 5 km lange bru er vegteknokratane sin megadraum. Men stadig fleire har andre draumar om framtida.

Vestlendingane har talt. Ei meiningsmåling frå NRK viser at nesten ingen vil prioritere motorvegprosjektet Hordfast (sør for Bergen), som Vegvesenet og vegpolitikarane (også kalla samferdslepolitikarar) elskar så høgt. Folk flest vil ha trygg E16 mellom Bergen og Voss, og slik blir det truleg. – Men vil Hordfast-lobbyen gje opp av den grunn? Neppe.

Av alle omstridte motorvegar har E39/Hordfast truleg vore den som har vekt mest strid. Ny 4-felts veg for 110 km/t gjennom såbar kystnatur og ei bru på heile fem kilometer skal binde saman Sunnhordland og Bergenshalvøya, korte inn reisetida frå Stord med ein time og auke trafikkmengda til det femdoble.

For eit framsteg! For ein samfunnsøkonomisk gevinst! Kven kan seie nei til slikt!

Det kan altså vestlendingane, eller 70 % av dei, som tykkjer ressursane heller skal brukast på godt, gammeldags vis ved å syte for at det snarast vert gjort noko med Noregs mest rasutsette og ulykkesråka vegstrekning (Bergen–Voss), saman med jernbanen som sniglar seg av garde i mange av dei gamle spora frå 1800-talet.

NRK har òg vore på vegen – rettare sagt på ferja Halhjem (Os)–Sandvikvåg (Stord), og snakka med nokre av dei reisande, utan å finne ein einaste Hordfast-tilhengjar. Ein trailersjåfør tykkjer det er godt med ein køyrepause, og seier vegane over Stord mot Haugesund er gode (for ikkje mange år sidan opprusta for hundrevis av millionar kroner). Ein student som pendlar til høgskulen på Stord reagerer mest på dei store naturøydeleggjingane. Sjølv ein lokal Høgre-politikar vender tommelen ned – Hordfast er ein utopi, fastsleg ho.

Ein skal sjølvsagt vere forsiktig med å tolke resulatet av undersøkinga som ein rein siger for miljørørsla. For dei fleste er det omsynet til liv og helse som avgjer. Kanskje skremmer også Hordfast-rekninga på 46 milliardar – som alle veit kjem til å bli mykje større og stjele pengar frå vanlege bruksvegar som treng opprusting.

Men miljøargumenta har fått større plass i debatten, og fleire har òg innsett kor tussete det er å planleggje for ei framtid med sterkt aukande biltrafikk inn mot Bergen – i ei tid der det er offisiell politikk å redusere biltrafikken i dei store byane våre. Når dessutan Naturvernforbundet har påvist at miljøkonsekvensutgreiingane frå Vegvesenet ikkje held mål, er det sjølve legitimiteten til Hordfast som står på spel.

Det betyr ikkje at dei Hordfast-truande vil gje opp prosjektet. Truleg vil dei i tida framover intensivere arbeidet og bruke endå meir på planleggjing og lobbyverksemd. Til no har dei brukt ein milliard. Likevel trur eg tida jobbar for oss som vil ha ei samfunnsutvikling med ein infrastruktur som legg til grunn at vi framfor alt må bidra til å løyse både klimakrisa og naturkrisa. Då kan vi ikkje høvle ned kystregnskog og havstrender og kupert vestlandsnatur for at bilen skal kome fortast mogleg fram i ei mest mogleg rett line mellom to ytterpunkt.

Meiningsmålinga til NRK viser at det i dag er berre 11 prosent som tviheld på Hordfast, koste kva det koste vil, økonomisk og økologisk. Sjølv er eg 100 % viss på at dette er ein utdøyande rase.

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Gunnar Kartveit | 21.08.2023

    God analyse!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*