Arbeid for fleire?

  • EMNER:
  • PUBLISERT:
    lørdag 8. okt 2022
  • AV:
    Redaksjonen
Wisting 2
Oljefeltet Wisting er verdas nordlegaste, heilt opp mot iskanten. BKA og mange andre organisasjoner seier klårt nei til utbygging

«Arbeidsplassar» er det endelege og avgjerande argument i debatten – også om Wisting-utbygginga i Barentshavet. Klima og miljø spelar mindre rolle. Men Ingunn Elstad frå BKA Troms meiner ein heller ikkje kan ta for god fisk påstandane om mange nye trygge arbeidsplassar. Og kor blir det av evna til kunnskapsbasert nytenking?

Av Ingunn Elstad,
Besteforeldrenes klimaaksjon i Troms

Ordførar i Hammerfest, Terje Wickstrøm, slår fast i Nordnorsk debatt at Hammerfest – det vil seie fleirtalet i kommunestyret – har sagt ja til oljeutvinning av Wisting-feltet, og ja til at feltet skal drivast med straum frå land.

Han begrunnar standpunktet med arbeidsplassar, og nemner ikkje klimaet. Alle veit at klimaendringane fører til katastrofeflaumar, storbrannar, mangeårig tørke og svelt, og enno er den globale oppvarminga under 1,5 grad. Det er kjent at FN og IEA på det sterkaste åtvarar mot å auke den fossile utvinninga, som må fasast ut raskt. Meininga med Wisting er jo at oljen skal eksporterast til gode prisar for å brennast. Utsleppa frå feltet blir i alt om lag 200 millionar tonn CO2, som blir verande i atmosfæren, i tillegg til alt som er slept ut frå før. Det er dette vi overlet til barn og barnebarn.

Kanskje vil nokon seie at «klimaet er ikkje eit problem for oss her nord». Men det er det. Forskarar ved Havforskninginstituttet og Universitetet i Tromsø har nyleg funne at fiskesamfunna i Barenthavet flyttar seg fire gongar raskare enn ein har trudd, fordi oppvarminga i nord er så sterk. Klimaendringane verkar på fiskeria. Dei rammar som kjent også reindrifta hardt, når vinterbeite blir islagt fordi vi får mildver midtvinters. Årstidene er i endring. Klimaendringane har i dag konsekvensar for kulturutøvinga, for næringane – og arbeidsplassar.

Equinor har sett som føresetnad at gassanlegget ved Hammerfest og Wistingfeltet får straum frå land, som må førast på 420-kV-linje frå Skaidi til Hammerfest. Ordførar Wickstrøm skriv at det må vere ei samla stemme frå Finnmark at utbygginga av linja «må fortsette med stor kraft og tempo både fra Skaidi til Hammerfest og Skaidi til Seidafjellet i Øst-Finnmark.» Men det er inen samla stemme. Reindrifta leverte i 2012 klage på planane om utbygging av 420-kV leidning frå Skaidi. Klagen er ikkje ferdigbehandla.

Norges Vassdrags- og Energidirektorat, NVE, skriv i eit nyleg notat at elektrifisering vil ha større verknader for reindrifta i dag enn i 2012; 420 kV-ledninga «vil medføre betydelige virkninger for reindriften i anleggsfasen, og også potensielle virkninger i driftsfasen», og ulempene kan neppe avbøtast fullt ut. Elektrifisering er eit politisk spørsmål som NVE ikkje tar stilling til, men dei meiner at konsesjon kan bli gitt utan at det bryt med folkeretten. Det er kanskje eit ope spørsmål. (NVE: Bakgrunn for innstilling. Ny 420 kV Skaidi-Hammerfest. Hammerfest kommune i Troms og Finnmark fylke. 22.09.2022.)

Orda «fleire arbeidsplassar» har ein heilt eigen politisk effekt, også i dag når det er mangel på folk som kan fylle arbeidsplassane. Wickstrøm peikar på at alle nye arbeidsplassar har verdi for mindre lokalsamfunn i nord. Det kan vere vanskeleg å sjå frå Greenpeace sitt Oslo-kontor, skriv han. Vi kan gå til Equinor sjølv, med kontor i meir enn 30 land.

I konsekvensutgreiinga for Wisting forklarar Equinor at oljeinstallasjonen på feltet skal drivast med digital fjernstyring og låg bemanning, og kraftanlegget på land skal vere ubemanna. Det som skal byggast, er bygget til kraftstasjonen med vegar (utstyret i stasjonen må importerast). Det er planlagt ein driftsorganisasjon med 50 arbeidsplassar, delt mellom Hammerfest og Harstad. Det heiter at ein må rekne med innpendling til Hammerfestområdet, først og fremst av fagarbeidar. Og det har vore mykje langpendling dei siste åra.

Equinor slår uttrykkeleg fast at Wisting uansett ikkje vil gi nyskapt sysselsetting, det dreier seg om folk som alt har jobb, på verft, i boreindustri, i tenesteyting og i Equinor sjølv. Wisting vil altså konkurrere om arbeidskrafta, og Equinor er i stand til å betale godt.

Kunnskapsparken Bodø gir ut «Levert-Rapporten» (saman med Equinor, andre olje- og gasselskap og fylkeskommunane i nord), som gir årleg status for leverandørindustrien til olje og gass i nord. Då energiminister Aasland fekk rapporten på møte med den internasjonale energibransjen i Stavanger i august, sa han at vi ikkje måtte tvile på kor viktig petroleumsnæringa er for industri og sysselsetting i Nord-Noreg; i 2021 leverte den nordnorske leverandørindustrien varar og tenester til over 5,5 milliardar kroner. «Dette er betydelig mer enn industrien selv forventet.» Også ordføraren i Hammerfest framhevar leveransane for 5,5 milliardar i 2021 som argument for at Wisting-utbygginga vil gi masse oppdrag for leverandørindustrien i heile regionen.

Har begge gløymt at LNG-anlegget i Hammerfest brann i september 2020, og ikkje kom i drift att før i juni 2022? I følgje «Levert-rapporten» var 2021eit ekstraordinært år, prega av dei store reparasjonane etter brannen, som skapte høg etterspørsel etter varar og tenester i Troms og Finnmark. Det var innpendling på 478 fleire årsverk enn året før. Var dette auka verdiskaping? Alle ønskar vel at noko slikt ikkje skal gjenta seg.

For 2022 spår «Levert»-rapporten ein meir normal tilstand med nedgang i omsetninga for leverandørane i Troms og Finnmark, særleg i Hammerfestregionen. Mange innanfor det som blir kalla leverandørindustrien for olje- og gassnæringa leverer også til andre næringar, som kraftkrevjande industri, fornybar industri og havbruk. Talet på bedrifter som leverer til olje og gass har gått ned over tid. Fleire satsar på andre leveransar. Dei som blir att, har stor omsetning, men tilgangen på spesialisert arbeidskraft er eit problem. Equinor minner om at sysselsettingsverknadane av regionale og lokale leveransar uansett er usikre, sidan det er internasjonal konkurranse om anboda.

Noreg ventar ekstremt høge oljeinntekter i 2022 på grunn av krigen i Ukraina. Inntektene vil ikkje bli brukt, men går rett i Oljefondet, der dei blir investert i Microsoft, Apple og mange andre selskap.

Når det er mangel på arbeidskraft, er det ikkje då tid for å planlegge arbeidsplassar som kan vere berekraftige for naturen, og nyttige for samfunnet?

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*