Tryggleik for maten

en klump jord
Fra Rogaland jordvernforening

Regjeringa vil styrke norsk matsikkerheit gjennom beredskapslagring av matkorn. Det fortener dei applaus for, meiner Dag Raustein i Rogaland jordvernforening. Han er oppteken av kva som bør gjerast i ei uroleg verd, med krig og klimaendringar, for å sikre barnebarna mot nokre av dei verste utslaga. Aller viktigast er å ta betre vare på matjorda vår.

Jordvern må prioriterast

Året 2022 har vorte eit annus horibilis for verdas landbruk og matsikkerheit, med rekordvarme og rekordtørke i store område, og rekordflaum i andre. Dag Raustein i Randaberg har vore med i BKA frå første stund, og meiner det er på høg tid å leggje større vekt på beredskap for framtida. Når klimakrisa råkar så brutalt – samstundes som krig rasar midt i eit av verdas store kornkammer, er det all grunn til å setje foten ned for trua på at alt kan ordnast gjennom den globale marknaden – for oss som har så mykje oljepengar.

– Eg vonar fleire no forstår at det trengst kraftfulle grep for å stogge nedbygging og omdisponering av matjord. Årleg ligg dette på rundt 6 000 dekar. Det var endå verre tidlegare, men er fortsatt veldig mykje for eit land som har så lite av det som Noreg. Målet må vere ein nullvisjon, meiner me i Jordvernforeninga. Eit forbod med andre ord, med veldig få unnatak. Det ville glede meg om også Besteforeldrenes klimaaksjon gjekk aktivt inn for ein slik politikk.


Beredskap, jordvern og Terje Vigen
Av Dag Raustein

Krig og avsperring har visst kome på for stor avstand for oss i gamle Norge. Men historia burde ha lært oss. Det er nok av døme frå gamle krigar, der tilgangen på mat var kritisk. Nokre svalt, og dei fleste måtte i det minste ta til takke med ein uvant og dårleg diett. Norge var avstengt, det var sterkt avgrensa import, og den norskproduserte maten hadde me ikkje fullt herredøme over.

Så har me trudd at me aldri skulle koma i ein slik situasjon att. Me har hatt tillit til at nå er det meir vit og forstand hjå leiande politikarar, og ulike internasjonale avtalar skal vera med og sikra oss.

Men med den gale mann i Kreml, og alt som skjer i desse dagar, kor sikre kan me vera på at me til ei kvar tid får importera alt me treng i tillegg til det me produserer sjølv? Alt nå er det avgrensa tilgang på verdsmarknaden på ein svært dyr innsatsfaktor, gjødsel. Det er vel slik at me ennå ikkje tør tenkja tanken, at det kan oppstå situasjonar der me ikkje fritt kan velja maten vår. Og at me til ei kvar tid har nok.

Det eg vil fram til med dette, er at me snarast må få orden på beredskapslagring av korn. Dette hastar. Det er det kortsiktige. I statsbudsjettet for 2023 er det endeleg lagt inn pengar til ein første start på beredskapslagring. Ein start, men det må til mykje meir i løpet av kort tid.

Det langsiktige er at jordvern nå må takast på alvor, at me snarast kjem frå prate-stadiet, til gjennomførings-stadiet. Nullvisjonen må blankpussast og bli alvor!

Eg kunne her trekt fram både første og andre verdskrigen. Det får koma i ein seinare runde. Nå vil eg heilt tilbake til napoleonskrigane. Åra er 1807-1814. Engelskmennene stengde norskekysten, ingen skip kom inn med korn. I 1812 var kornprisen 25 gonger høgare enn i 1791!

Henrik Ibsen skreiv seinare diktet om Terje Vigen, som rodde frå Sørlandet til Danmark for å kjøpa korn til kona og den vesle dottera:

Gud vet at hans føring var ikke stor,
tre tønner bygg, det var alt;
men Terje kom fra en fattig jord, –
nu hadde han livsens frelse om bord,
det var kone og barn det gjaldt.

Me veit korleis det gjekk. Terje Vigen hamna i engelsk fengsel og familien døydde.

Dei verste åra var 1812-1814. Mellom anna var året 1812 eit fullstendig misvekstår, med svært mykje nedbør, og svært låge temperaturar. Svært mange svalt.

Torer me satsa på at det ikkje er og blir gale statsleiarar på kort og lang sikt? Torer me framleis å ikkje satsa for fullt på beredskapslagring av korn og på jordvern? Historia syner svært tydeleg at då gjer me alvorlege feilvurderingar.

 

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Linda Rundquist Parr | 08.10.2022

    Vi tar med Dags velbegrunnede ønske om en politikk som sikrer jordvern og beredskapslager i det videre arbeid med strategiplan for BKA.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*