Avhengig av olja?

melkøya (1)
Må vi drive med dette i all framtid for å berge velferdsstaten? Eller er det i virkeligheten er trussel mot vår velferd? Bilde frå Melkøya utanfor Hammerfest 1. januar 2020. Foto: Lars Bjørn Mehus

Kronargumentet til oljelobbyen er at det er olja som har gitt Noreg velferd, god infrastruktur og helsetenester. Ein leitestans slik mange ynskjer, betyr byrjinga på slutten for tryggleiken vår, og for tusenvis av arbeidsplassar. – Så oljeavhengige er vi likevel ikkje. Den norske velferdsstaten vart bygd før det var tatt opp olje, seier Ingun Elstad.

Ingunn Elstad er professor emerita i sjukepleie ved Universitetet i Tromsø. Ho er leiar for lokallaget av BKA, og har sett på argumentet om at oljeverksemda er eit vere eller ikkje vere for den norske velferdsstaten. I ein kronikk i Nordnorsk debatt fortel ho korleis oljealderen har prega den statlege velferda. Sjukehusa vart organisert etter ideal om produktivitet og lønnsemd. Frå 2001 sette handlingsregelen stopp for bruken av statens oljeinntekter, som går i Oljefondet. I dag er avkastinga av verdipapira i Oljefondet mykje større enn inntektene frå olje og gass, og staten er blitt mindre avhengig av olje- og gassproduksjonen. Ho konkluderer med at Noreg i morgon den dag kan vedta ei planmessig utfasing som sikrar faste arbeidsplassar, utan at det får noko å seie for statleg velferd.


Frå kronikken:

Olje- og gassprisane er høge, og stig meir etter invasjonen i Ukraina. Norske skatteordningar gjer det lønnsamt å bore på fleire felt og lenger nord enn nokon gong før. Staten er hovudeigar, og fortenesta går inn i Oljefondet. Oljefondet sjølv presenterer seg med bilete av ei nydeleg lita jente på ein vaksen arm: «For deg og fremtidige generasjoner». At olje- og gasseksporten er det store norske bidraget til global oppvarming, og ein fare for notidige og framtidige generasjonar, nemner reklamebyrået ikkje. Regjeringa nemner det ikkje heller.

Det er ofte sagt at den framtidige velferda vil kollapse dersom olje- og gassproduksjonen blir fasa ut. I serien «Lykkeland» var det hevda at oljeproduksjonen frå sytti- og åttitalet er einaste grunn til at vi har fritt helsevern og skole. Det historiske minnet er forunderleg kort. Offentleg velferd vart bygd frå 1800-talet, med politiske kampar, fagkunnskap, og verdiar som solidaritet, nestekjærleik og rettferd. Sluttsteinen var Lov om folketrygd i 1965, før Noreg fann olje. (…)

Så fann Noreg ein naturressurs som var så ettertrakta at han kunne seljast for langt meir enn utvinninga kostar, som gav mykje større forteneste enn andre næringar, og som fort kunne velte ideal om likskap og rett. (…)

Olje- og gassindustrien som «motor» i samfunnsutviklinga vart mønster også for offentleg velferd, og offentlege utgreiingar drøfta korleis ein kunne effektivisere velferd på same måten som produksjonsarbeid. På under tjue år vart det innført varige endringar i alle delar av offentleg verksemd. Økonomar og statsvitarar fekk sentrale rollar. Byråkratiet vaks. Frå 1980-talet vart sengeplassane i helsestellet bygd ned, først i psykiatrien. Bemanningsbyråa breidde seg i helsestellet liksom i oljeindustrien.

Les heile artikkelen her: nordnorskdebatt.no/velferd-i-oljealderen
Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Gunnar Kartveit | 04.03.2022

    Slike vurderingar treng både me og ålmenta! Takk!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*