Fylke tek klimaansvar

  • EMNER:
  • PUBLISERT:
    fredag 24. jan 2020
  • AV:
    Redaksjonen
Klimakutt ambisjoner
Ambisjoner for klimakutt i fylker og byer. Fra Klimapartnere.

Mens Noreg som nasjon har for lavt ambisjonsnivå, har mange fylke lytta til dei unges klimabrøl, og sett seg mål om nullutslepp innan 2030. Det skriv leiar for Klimapartnere Vestland og leiar i det bergensbaserte konsulentfirmaet Greensight i magasinet Energi og Klima. Samstundes gjenstår det å konkretisere nærmare kva dette betyr i form av konkrete handlingsplanar, understrekar dei.

Frå artikkelen «Fylka har høyrt klimabrøla»:

Under årets toppleiarmøte for Klimapartnere Vestland tyda det på at ein med nullutslepp meinar direkte utslepp frå heile regionen, der ein treng mobilisere alle aktørar for å være med å levere. Fylkesordførar Jon Askeland gjorde det tydeleg at han vil stille seg i front for mål om Nullutslepp Vestland 2030. Trøndelag, Vestland, Viken, Oslo, Innlandet og Vestfold og Telemark har alle liknande målsetningar.

Ambisjonar er sjølvsagt ikkje det same som handling, men det å setje høge og tydelege mål mobiliserer, særleg i kombinasjon med klimareknskap, klimabudsjett og målretta tiltak, med tilhøyrande finansiering. Mellom anna har både Bergen og Oslo fått utteljing for dette, og kunne vise til høvesvis 9,5 prosent og 8,8 prosent nedgang i utsleppa frå 2016 til 2017. Bylufta er samstundes blitt reinare, kollektivandelen har gått opp og singelbilisme gått ned.

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*