Trur saka kan vinnast

bilde pressemelding
Saksøkerne Greenpeace (Frode Pleym) og Natur og Ungdom (Gaute Eiterjord), flankert av partshjelperne - Naturvernforbundet (Silje Ask Lundberg) og Besteforeldrenes klimaaksjon (Steinar Winther Christensen).

Me hadde ikkje gått til sak viss ikkje me trudde me kunne vinna, seier NU-leiar Gaute Eiterjord til Framtida.no. Han får støtte av jussprofessor Jørn Øyrehaugen Sunde, som meiner at tida som har gått sidan forrige runde aukar sjansane for å vinna fram. – Klimaendringane vert berre tydlegare og tydelegare, og semja om at dei faktisk skjer vert større og større. Dommarar lever òg i samfunnet.

Øyrehagen Sunde seier til Framtida.no at alle saker vert litt annleis i ankeomgangen enn i fyrste instans. Dette fordi ein får meir tid til å tenkja gjennom saka og argumenta. I tillegg meiner han at dommen frå Oslo tingrett var dårleg grunngjeven.

– Så dårleg at det er lite truleg at ein ny domstol, etter ei ny sakshandsaming og nye argument, avseier ein like dårleg grunngjeven dom. Dette tvingar domstolen til å lytta betre til argumenta i saka.

Dersom niljøorganisasjonane skulle vinne fram i retten, betyr det at pertroelumsleitings-lisensane ikkje lenger tel og må trekkast tilbake. Dimed blir det heller ikkje leiting etter olje og gass i Barentshavet. – Men det er lite truleg at dommen vil vert formulert slik at den stengjer for all leiting etter olje og gass i framtida, sier Øyrehagen Sunde. – Dommen vil likevel gjera at ein må visa at leiting etter ny olje og gass, med påfølgjande utvinning, truleg ikkje vil føra til skade på klima. Dimed vil det verta mykje vanskelegare å gje slike lisensar i framtida.

– Kva om dei tapar igjen?
– Då vert saka anka til Høgsterett. For kvar dag som går aukar sjansen for å vinna saka fordi klimaendringane vert synlegare og synlegare.

Sjå heile reportasjen i Framtida.no:
https://framtida.no/2019/10/31/har-trua-pa-at-dei-kan-vinna-klimasoksmalet

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*