Med KN for grøn faste

KN faste

Kirkens Nødhjelp har sett i gong ein fasteaksjon for global solidaritet.

Fri-Februar-kampanjen med fokus på forbruk og frivillige klimatiltak vert helst velkomen av mange. Mellom dei er Gunnar Kartveit på Radøy i Nordhordland. Han jobbar i Kirkens Nødhjelp, der dei oppmodar folk til «grøn faste». – Det dreier seg om å sjå seg sjølv og eigne val i ein større samanheng, seier han. Vi treng gode sirklar der den einskilde betyr noko, så desse kampanjane går fint saman.

– Hugs, nokon treng deg
Det er viktig å gje folk hjelp til handling, ikkje minst i ei sak som er så enorm og kan verka så uoverkommeleg som klima. Små snøfnugg som kjem dansande gjennom lufta og ser så små ut at det er lett for at ingen ensar eitt og eitt av dei, blir til saman svære mengder snø. Slik er det med våre bidrag óg.

Mange tenkjer på faste som mindre mat, og for muslimar inneber det ingen mat mellom soloppgang og solnedgang – med nokre unntak. I kristen tradisjon kjenner me karnevalet ved inngangen til fastetida. Carne, av caro = kjøt / lekam, vale = farvel. Altså: farvel til kjøt og farvel til lekamen.

I katolsk tradisjon inneber det mindre eller inga eting av kjøt, og m.a. norsk tørrfisk kjem på middagsborda. Her til lands et vi kremfylte fastelavnsbollar før inngangen til fastetida, og så kjem blåmåndag og feitetysdag før oskeonsdag markerer starten på fastetida. Mange har mist kontakten med desse tradisjonane og dei betyr ikkje noko lenger.

Men carne vale indikerer altså eit farvel til kroppen og dei umiddelbare behova, dvs også andre ting enn mat. Difor har Kirkens Nødhjelp invitert unge og eldre til å markera fastetida ved å leggja bort noko av det vi er meir eller mindre avhengige av i kvardagen, sjå
https://www.fasteaksjonen.no/en-tid-til-ettertanke-og-om-tanke

Det kan vera ei nyttig øving for vår eigen del, dette, anten det er mat eller mosjon vi endrar på.

Og så er det eitt viktig element til i faste: Når vi seier nei til oss sjølve, vender vi blikket utover og spør: Er det nokon som treng meg? Kan eg gjera noko for den verda eg lever i? Kan mitt engasjement føra til ei betre verd?

Kampanjen FRI-FEBRUAR er som sagt ei god hjelp til handling. Men kanskje vi i åra som kjem kan nytta oss av den eldgamle tradisjonen som faste er, og vera med og fylla han med innhald. Til beste for oss, og til beste for andre.

Helsing Gunnar Kartveit
regionkonsulent Kirkens Nødhjelp, styremedlem i Besteforeldrenes klimaaksjon i Hordaland.

">
Spre kunnskap –
del denne saken!

1kommentar

  1. Solveig Johnsen | 3. feb 2019

    Hva med strømmen her i Norge, som er innført fra Tyskland urein strøm m/kull
    Hva med el-biler som er paradis i Norge ,, Kobolt og litrium som utvinnes i Kongo,
    i gruver som barn arbeider?

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*