Ikkje for seint å snu –

Ola Dimmen og Emilie Ulsnes Sommervold

"VI MÅ TA KLIMAVAL!": Songskrivar og forsangar Ola Dimmen var på vitjing frå Besteforeldrenes rangleorkester i Trondheim, og gjorde stor lukke mellom folk på Torgallmenningen. Her saman med Emilie Ulsnes Sommervold frå Naturvernstudentane. Foto: Turid Heggland

Song og musikk og god stemning prega markeringa til Klimavalalliansen i Bergen i går, i håp om å påverke det viktige valet folk skal gjere 11.september. Medlem av Concerned Scientists og professor i internasjonal helse, Gunnar Kvåle, heldt ein sterk appell. Saman med han var aktivistar og appellantar frå Naturvernstudentane, Framtiden i Våre Hender og Besteforeldrenes klimaaksjon, som denne gongen hadde fått musikalsk forsterkning frå Trondheim.

Foto: Turid Heggland

Eg har i mange år arbeidd som lege og forskar innan internasjonal helse. Det er semje mellom helseforskarar om at global oppvarming er den største trusselen mot global helse i vårt hundreår. Alt no ved ei oppvarming på litt over ein grad, ser vi store skader.

I år har vi opplevd sterk hete, tørke og brannar i Sør-Europa. Alvorlege hetebølger vil råka ein stadig større del av verda om me ikkje greier å redusera utsleppa. Vi  må i dei komande 10-år rekna med ei sterke auke av dødsfall på grunn av hete, både i Europa og ikkje minst i tropene.

Dersom utsleppa får lov å halde fram som no, vil temperaturen nå eit nær døyeleg nivå i mange område i tropene. Samstundes får vi sterkare orkanar og kraftigare ekstremnedbør med flom og store skader.

I Texas har dei nett opplevd det kraftigaste nedbøren og flaum som nokon gong har råka dette området. Det er meldt at over tusen har mist livet i flommen som no herjar i store deler av India og Bangladesh. Mange millionar er råka. Konsekvensane av vidare global oppvarming er endå sterkare orkanar og større nedbørsmengder. Store landområde vil bli ubebuelege.

Difor: Klimagassutsleppa må reduserast så rasks som det er mogeleg. Det er på høg tid å bremsa norsk oljeproduksjon, slik Klimavalalliansen krev! Det uansvarleg å satsa på fortsatt full kjør i oljeproduksjonen som Norge no gjer. Det er spesielt uansvarleg å leggja opp til å leita etter meir olje og gass med tanke på produksjon om 10-20 år, når vi veit at utsleppa då må gå mot null. Men trass i dette prøver Olje- og energiminister Terje Søviknes å skræma oss med at velferdsstaten er truga dersom vi ikkje opnar nye felt i Barentshavet.

Men sanninga er det motsette. Norsk oljeproduksjon skadar helse og velferd! Sjefen for Earth Institute ved Columbia University, den verdkjende økonomen Jeffrey Sachs, seier dette om norsk oljeutvinning i Arktis: «De vil sløsa bort pengane og øydeleggja jorda!» Noreg fører likevel ein politikk som om vi trygt kan fortsetja å vinna ut og bruka olje i mange 10-år framover og fortsetja å leita etter meir Dette er ei farleg feilsluting!

Vi treng fleire politikarar som ser alvoret og som set alt inn på å endra kurs og som styrer mot fornybarsamfunnet.

Det er ikkje for seint å snu!
Gjer valet til eit vendepunkt for klima!
Saman kan vi skapa ei betre framtid!
GODT VAL!

Tonje Sæther frå Naturvernvernstudentene minte om at «framtida velgjast no», og at tiltak som verkar ikkje kan skyvast fram i ei uviss framtid, slik politikarane har gjort alt for lenge. Foto: Turid Heggeland

«SOMLEPARTIA» kalte Halfdan Wiik Arbeiderpartiet og Høyre i sin appell. Dei har i 30 vært grundig informert om farene, men  prioritert vekst og arbeidsplassar og ikkje gjort noko som monner med klimagassutsleppa. Foto: Turid Heggland

Kai Grieg frå FN-sambandet leia arrangementet, og heldt også styr på politikarane som fekk sleppe til. Her med Gina Barstad, 2 kandidat for Hordaland SV, og olje- og energiminister Terje Søviknes fra FrP som sporty stilte opp på krykker.

Frå Torgallmenningen gjekk klimamarsjen syngjande til Bystasjonen og Biblioteket. Avslutning med meir song og musikk. Foto: Turid Heggeland

Wenche Dorothea Haugland hadde teke med seg fløyta til byen. Foto: Turid Heggland

Godt nøgd med dagen og klimavalgmarkeringa. Tone Bell Svae og ektemannen Per Hjalmar.

 

!Vær den første til å kommentere

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*