Håp eller katastrofe?

  • EMNER:
  • PUBLISERT:
    onsdag 21. jun 2017
  • AV:
    Ola Dimmen
starmus 1
Svein Tveitdal og Sigbjørn Mostue held foredrag saman, på skuler og andre stader. Eit utgangspunkt er Mostue si bok «I morgen er alt mørkt», om Marlen, som ser at verda er truga av ein parasitt som øydelegg jorda. Ho må stable alt ho har av mot og viljestyrke for å møte det som ventar.

Tek vi innover oss omfanget av den kommande klimakatastrofa – eller tek vi tilflukt i eit urealistisk håp om at «det ordnar seg nok», og at det er best å tenkje positivt? Spørsmålet vart reist på den internasjonale Starmus-fesitvalen i Trondheim, i eit samtalemøte med den prisbelønte  ungdomsbokforfattaren Sigbjørn Mostue – kjend for sine dystopiske framtidsromanar, og Svein Tveitdal, tidlegare FN-direktør og leiar for kampanjen Klimavalg 2013.

Kva framtid ventar unge menneske?
Tveitdal og Mostue har hatt mange foredrag for skuleungdom, og Tveitdal hadde registrert at læreplanane er ekstremt forsiktige med å vise den realistiske situasjonen for klima og miljø. – Slik kan vi ikkje halde på, sa han, for endringane skjer no utruleg fort. Berre på dei åra eg har reist ikring og heldt foredrag om temaet, har CO2-nivået nivået i atmosfæren stige med nær 10 prosent. Vi er allereie er over grensa for ei verkeleg farleg oppvarming.

Mostue var ikkje meir beroligande: Heile livet hadde han vore oppteken av natur, dyr og fuglar, fortalte han. Han hadde sjølv sett kor fort den negative utviklinga går. – Vi er no inne i den 6. storre masseutryddinga i Jordas historie, sa han. Den førre var då dinosaurane var borte , for 60 millionar år sidan. Vil dei som er unge i dag, om nokre bli sitjande med sine eigne barn – og vise dei bilete av alle artar av dyr og blomster som har forsvunne?

Mange i salen meinte at ei slik framtidsutsikt var å legge ei unødvendig tung bør på ungdommen. Samstundes var det semje om at dei reelle truslane må fram i debatten. Slik det er no, er det vanskeleg å tenkje klårt om klimaproblema. Ein kombinasjon av håp, press og fortrenging gjer at mange ikkje reagerer adekvat, sa Tveitdal. Politikarane vert utsett for eit voldsomt press, frå oljebransjen spesielt.

Kva kan gjerast for å trygge framtida?
Når ein tek innover seg klimaproblemet og kor alvorleg situasjonen er – og samstundes ser kor lite som vert gjort, og kor liten realisme det er i mykje av det som vert gjort, er det lett å bli oppgitt. Men både Mostue og Tveitdal framheva og understreka at det framleis er fullt muleg å hindre ei verkeleg katastrofal utvikling. Det skjer mellom anna mykje på den teknologiske fronten, ikkje minst gjeld det utviklinga av solenergi.

Problemet er at politikarar flest trekkjer ned rullegardina og driv for mykje business as usual, sa Tveitdal. Endringane må komme nedanfrå, frå meg og deg, og det må leggjast eit heilt anna press enn i dag på dei som styrer. Han viste til kampanjen han var leiar for ved stortingsvalet i 2013 – Klimavalg 2013 – der ein lukkast i å samle meir enn hundre ulike organisasjonar til felles innsats: frå miljørørsla til kirka og mange kristelege organisasjonar, Speiderne, Dyrevernalliansen, Bondelaget og fleire delar av fagrørsla. – Greier vi å få opp att dette bredde-engasjementet, har eg stor tru på framtida!

Svein Tveitdal var styreleiar for kampanjen Klimavalg 2013.

 

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*