Visjonen vi ikkje treng

E39 bru
Brua over Bjørnafjorden mellom Stord og Os blir over 5 km lang. Kostnadene er berekna til meir enn 40 milliardar kroner.

Motorvegprosjektet «ferjefri firefelts E39 frå Kristiansand til Trondheim» er for tida til politisk handsaming i kommunane på Vestlandet. I Os sør for Bergen skal ei av verdas lengste bruer ilandførast. Osing og klimadebattant Gunnar Kvåle tykkjer det er nedslåande å sjå korleis ein held fram med å planleggja for framtida som om klimaproblema slett ikkje fanst. Han tok difor initiativ til å skriva ein uttale frå Besteforeldreaksjonen. – Det gjer vel ikkje noko stort inntrykk kva ein organisasjon som vår meiner. Likevel må vi halda fram med å krevja kursendring, sier han. Ferjefri E39 og fleirdobling av trafikken er visjonen vi avgjort ikkje treng.

Til Statens Vegvesen
Besteforeldrenes klimaaksjon har følgjande merknader til Statleg kommunedelplan for ny E39 Stord – Os  
 

Plandokumentet for ny nasjonal transportplan og kommunedelplanen for ny E39 er nyleg lagt fram. Vår konklusjon er at ein ikkje bør gå vidare med desse planane, grunna klimagassutslepp og omfattande naturskader. Vi veit at vedtak dei næraste 10–20 år vil bli avgjerande for kor vidt vi greier å begrensa global oppvarming til maksimum 2 grader C, og at infrastrukturen vi legg i desse åra vil vera styrande for samfunnsutviklinga i mange tiår. Draumen om ein høghastigheits firefelts ferjefri motorveg høyrer etter vårt syn ikkje lenger heime i ei tid der vi har så store kunnskapar om alvorlege klima- og miljøtrugsmål mot vår felles framtid. Det er ikkje nok å akseptera det som ei faktum at vi har skapt ein sers alvorlig klimasituasjon for verda og våre etterkommarar. Ein må òg syna vilje til å gjennomføra dei tiltak og dei omvurderingar som er naudsynte for å redusera utsleppa så det monnar. Samstundes må ein sjå på dei økonomiske moglegheitene som ligg i ei slik omvurdering.

Store klimagassutslepp
Ein firefelts veg vil stimulera til auka biltrafikk. I Nasjonal transportplan er det rekna med nær 10 prosent auke i CO2 over 40 år. Berre på strekninga Stord – Bergen er det ein auke på 83 300 tonn CO2 per år. Noreg har forplikta seg til å kutta klimagassutsleppa med 40 % innan 2030. Skal vi nå dette målet, kan eit prosjekt som legg opp til utsleppsauke slik ferjefri E39 gjer, ikkje realiserast. Her nyttar det ikkje å leggja ein generell teknologioptimisme til grunn. Sjølv om elbilar kan bidra noko, er det ingen realisme i å tru at ein aukande tung- og langtransport vil kunne gjerast teknisk utsleppsfri fram mot 2050.

Store lokale naturskader
Ein motorveg med fire felt der ein kan køyra i 110 km/t fører til uakseptabel øydelegging av verdifull natur i Sunnhordland, over Bjørnafjorden og i Os. Det er store utfordringar med ilandføring i Søre Øyane, og dette vil vera øydeleggjande for natur, friluftsliv og bumiljø i området. Også rundt Ulvenvatnet og Kolskogen i Os vil vegen føra til store skader for bumiljø, skular og annan aktivitet i området.

Høg kostnad og sviktande inntekter
E39 mellom Bergen og Stord er no kostnadsrekna til heile 43 milliardar kroner, meir enn ei dobling av den opphavlege prisen. Sluttsummen blir sjølvsagt endå langt høgare. For at ei slik bru over Bjørnafjorden skal kunna svara seg er det lagt til grunn ei fire-femdobling av trafikken til 12 000–15 000 køyrety i døgnet. Dette er ikkje realistisk. I 2015 gjekk trafikken på sambandet Halhjem–Sandvikvåg ned. I berekningane frå Vegesenet er det heller ikkje teke omsyn til at høge bompengesatsar vil redusera trafikken.

Tofelts veg dekkjer behovet
Standarden på mange av vegane på Vestlandet er ikkje god nok. Men i staden for ein firefelts motorveg gjennom vakker natur, kan ein til ein mykje mindre kostnad byggja eit moderne samferdselsnett med gode tofelts vegar kombinert med miljøvenlege el-ferjer. Kommunane Os og Fusa har vedteke å slå seg saman. Den nye kommunen vil ha mykje større nytte av ein tofelts indre trasé for E39 som går via Tysnes og Fusa og vidare til Os og Bergen. 

Konklusjon
Hordfast midtre trasé er eit svært kostnadskrevjande vegprosjekt med store negative konsekvensar for klima og naturlandskap. For å finansiera prosjektet, trengs det ei mangedobling av trafikken. Dette er i strid med vedtekne klimamål. Planane om bru over Bjørnefjorden må difor skrinleggjast. I staden må ein ta opp att utgreiing av ein alternativ tofelts indre trasé kombinert med miljøvenlege ferjer.

Som eit alternativ til visjonen om ein ferjefri motorveg langs heile Vestlandet er det  grunn til å sjå på moglegheitene for å flytte større del av både person- og ikkje minst godstransport frå veg til sjø, ved ein kombinasjon av mindre skip og større havgåande, utsleppsfrie fraktefartøy langs kysten. Konsept for dette er utvikla i den maritime klyngja i Sunnhordland. Dette vil føra til utvikling av ny teknologi, nye arbeidsplassar, stabile pendlartilhøve, turistattraksjonar og opplevingar på fjordane og langs kysten, omdømmeauke, mindre klimagassutslepp, og at Vestlandet fram står som ei region med vilje og evne til å planleggja for ei ny tid og ein grønare kurs.

Bergen, 20. janiar 2017
Thelma Kraft, fylkesleiar

 

 

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*