Rettsordningar for framtida

Urgenda won
MILJØSEIER NEDERLAND: Miljøstiftelsen Urgenda vant i fjor fram i sitt klimasøksmål mot staten. Går vi mot en tilsvarende sak i Norge?

Paris-avtalen frå 12. desember 2015 slår fast omfattande målsetjingar for tiltak mot klimaendringar. Desse målsetjingane kan ein ikkje nå utan store og grunnleggjande samfunnsendringar, skriv ei gruppe av professorarar ved Juridisk faktultet UiB, i ein kronikk i Bergens Tidende. – Den nye kvardagen vi står overfor krev endringar i reglar og juridisk tenkemåte. Spørsmålet er korleis vi skal innrette rettsordningar og styringsordningar for å snu utviklinga i den retninga Paris-avtalen legg opp til, samstundes som vi held oppe demokrati og rettsstat og skaper grunnlag for ein forsvarleg økonomisk levestandard.

Frå kronikken:

– Jussen er med sitt tilbakeskodande perspektiv ofte meir retta mot å løysa fortida enn framtidas problem. Den utfordringa vi no står overfor krev ei anna tilnærming. Vi må på grunnlag av kunnskap frå mange vitskapsdisiplinar utforma rettslege ordningar som endrar retninga på utviklinga.

– I 2014 vedtok Stortinget Grunnlova § 112, som skjerper statens plikt til å verne miljøet både for den einskilde og for komande generasjonar. Dette kan også i Noreg gje grunnlag for søksmål mot staten med påstand om at den ikkje har oppfylt si plikt til å ta miljøomsyn, slik ein no ser i andre land.

– Også Den europeiske menneskerettskonvensjonen har reglar som kan påverke nasjonalstatane til å redusere utslepp av klimagassar. Menneskerettsdomstolen i Strasbourg har i nokre tilfelle strekt retten til liv til å også omfatte vern mot alvorlege miljøtrugslar mot ei større gruppe personar.

– Sidan 2008 har 26.4 million menneske årleg blitt fortrengt frå heimane sine som følgje av ikkje-konfliktrelaterte katastrofar. Eksisterande reglar om asyl og vern mot tvangsretur vil ikkje strekka til ei ein slik situasjon. Også nasjonale og internasjonale rettsreglar om migrasjon vil få ein klimadimensjon.

– Klimaendringane er venta å føra til store fysiske og økologiske endringar i Noregs nærområde i Arktis. Det oppstår mellom anna spørsmål om retten til fiske og anna ressursutnytting og til skipsfart i område som til no har vore utilgjengelege på grunn av at dei har vore dekka av is.

——————————————————————————————————————–

Kronikken «Ein juridisk floke» i Bergens Tidende 3. mars er skrive av Sigrid Eskeland Schütz, Eirik Holmøyvik, Ernst Nordtveit, Jørn Øyrehagen Sunde (professorar ved Det juridiske fakultet UiB), og Pål Lorentzen (advokat)

 

 

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*