– Vår Mor, gje oss styrke …

  • EMNER:
  • PUBLISERT:
    fredag 1. jan 2016
  • AV:
    Redaksjonen

mor jordVår Mor,
du som er den grøne jord,
gjev oss i dag vårt daglege brød
og før oss ikkje ut i kortsynt freisting,
men fri oss frå egoisme og tvangsvekst.
Tilgje oss vår skuld,
og gje oss styrke og vilje til å arbeida meir med
klima enn med bomber.
Måtte me velja dei løysingane som tener deg.
Fordi me alle er i ditt rike,
i dag og i morgon – så lenge du, Jord, er Vår Mor.
Amen.

Sylfest Lomheim, professor i norsk og omsetjing ved Universitetet i Agder (først trykt i Klassekampen 30.12.2015)

Spre klimavett,
del denne saken!