Siste aksjonssdagen for klimatog-farerne

banner Eiffeltårnet
Alle foto: Ola Dimmen

Dagen i går vart akkurat det vi hadde håpa på før vi drog, fortel Ola Dimmen frå Paris. Tusenvis av folk i gatene nedanfor Triumfbuen og seinare i det lange toget til Eiffeltårnet. Utruleg folkeliv med alle moglege variantar av plakatar, kostymer og aktivitetar. Vi som var att frå Besteforeldreaksjonen si gruppe skreid fram med dei to store bannera våre. Under heile marsjen var vi godt synlege og fikk mykje merksemd og tilrop frå folk. Styresmaktene hadde gitt opp å stanse desse massemøsntringane. Det var tett med politi langs heile marsjruta, men vi såg ingen teikn til aggresjon eller forsøk på å skape bråk.

save the arctic

Fantastiske dagar
Det var ekstra hyggeleg at vi traff nokre av dei franske besteforeldra som uka før hadde vore i møte med Besteforeldreaksjonen og stifta «The Alliance Grandparents for the Climate». Det var også svært kjekt å oppleve at så mange ungdommar gav oss positive og veldig hyggelege kommentarar. Vi fekk stadig besøk foran og bak bannera av folk som ville bli ta bilde av oss, og bli tatt bilde av saman med oss. Vi var litt få, så vi hanka også inn mykje folk til å bere undervegs, og alle var begeistra for å delta.

BKA triumfbuen

mange ville delta

Heile fredagen var det møter og kursing av demonstrantar på ZAC, Climat action Zone i forhold til politiet, lov og ikkje lov osv..Det låg i ein ombygd hall og vart nytta til alle moglege møter, debattar, utstillingar, orienteringar og sjølvsagt folkelege aktivitetar som yoga, dans, sjongleri, foto med vidare. ZAC låg i ein gamal hall som var flott restaurert og heitte Centquatre til vanleg.

På slutten av marsjen tok Per og Torgeir oppstilling på ein murkant med utsikt mot Eifeltårnet, og i øyeblikkets eufori fekk eg assosiasjonar til stormen på Bastillen då dei klatra opp på muren.

På slutten av marsjen tok Per og Torgeir oppstilling på ein murkant med utsikt mot Eiffeltårnet, og i øyeblikkets eufori fekk eg assosiasjonar til stormen på Bastillen då dei klatra opp på muren.

Per Hjalmar banner

Save the Arctic! Save the poles! We don’t need no drilling holes!

For meg og andre har Klimatoget og opphaldet i Paris vore ei utruleg flott oppleving, seier Ola. Aktiviteten i ZAC tok til mandag etter festivalen i Montreuil, og då var vi noko spreid og oppdelt som gruppe av naturlege årsaker. Nokre drog heim, vi gjorde ulike valg for kva møter vi ville på, nokre tok ein dags pause eller to til å sjå seg rundt i Paris. Tirsdag var vi på COP21 på messeområdet eller publikumsområdet og song for Gro som mange veit. Det er svært sterkt å høyre og sjå urfolk som slåss for livet mot klimaendringar og naturøydeleggingar. Vi veit det så godt og forsto fort at ein klimaavtale som legg til rette for utsletting av kulturar, øyar og folk, er totalt uakseptabel.

Linda bourget

Vi var også på fleire møter i ZAC med sterke og imponerande kvinner frå Afrika og Asia som slåss for sine familiar og livsgrunnlaget, møte med 350. org og Bill McKibben om divestment-rørsla, osv. At vi må kvitte oss med fossile energikjelder gikk som ein raud tråd i programmet, demonstrasjonar og møter, saman med klimarettferdigheit og grøn omstilling. Eg lurer verkeleg korleis norske politikarar no skal prøve å og vri seg unna og fortsette med oljeleiting og oljeproduksjon!

Konklusjonen min er: Fantastiske dagar i Paris, sterk innsats av Besteforeldrenes klimaaksjon. Vi er verkeleg ein flott gjeng, hurra for oss!

sluttbilde paris

Spre klimavett,
del denne saken!

2 kommentarer

  1. Finn Bjørnar Lund | 13.12.2015

    For en flott gjeng!!

  2. Mette Newth | 14.12.2015

    En helt utrolig flott innsats, BKa-ere! Tusen takk for fine bilder og tekster!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*