På veg bort frå fossilinvesteringar

  • EMNER:
  • PUBLISERT:
    onsdag 12. mar 2014
  • AV:
    Redaksjonen

ABOrdførar Alfred Bjørlo i Eid kommune i Sogn og Fjordane har skrive til Kommunal Landspensjonskasse og bedt om ei utgreiing av a trekke kommunale pensjonsmidlar bort frå kol-, olje- og gasselskap. Han viser til prosessen der ein skal sjå på investeringsprofilen til Oljefondet. «Dei same argumenta som ligg til grunn for at eit samia politisk miljø nasjonalt no tar steg i retning av å trekke statlege pensjonsfond ut av fossilinvesteringar, gjeid innanfor kommunal sektor. Også her snakkar vi om fond eigd av det norske folket med eit generasjonsperspektiv, som ikkje kan vere likegyldig til kvar og korleis fondet investerer,» heiter det i brevet til KLP.

Ein grønare fondsprofil

I brevet viser kommunen til FNs klimapanel sin nyaste hovudrapport, og til at det er brei politisk semje i Noreg om at kampen mot klimaendringane må prioriterast i åra framover. «Den høge oljeavhengigheiten i norsk økonomi utgjer i seg sjølv ein risiko for ‘driftsinntekten’ til framtidas velferdsstat, sett i lys av trongen for å kutte kraftig ned i global bruk av fossile brennstoff.»

KLP er landets suverent største pensjonsselskap for kommunal sektor. Dei forvaltar pensjonspengane til om lag 350 av landets 450 kommuner og fylkeskommuner, 25 av 26 helseforetak og om lag 2.500 bedrifter. Over 600.000 personar har pensjonsrettane sine i KLP. Den samla forvaltingskapitalen I KLP er på omlag 350 mrd NOK.  

«Det er ut frå dette naturleg at eigarane av KLP set i gang same prosess som eigarane av Statens Pensjonsfond Utland no har sett i gang for dei statiege pensjonsinvesteringane: Utgreiing av å trekke kommunale pensjonsmidlar bort frå kol-, olje- og gasselskap, utan at dette svekkar krava til avkasting og risiko av investeringane.»

 

Eid kommuneLES BREVET TIL LANDSPENSJONSKASSEN

 

 

Spre klimavett,
del denne saken!