Ytringsfrihetspris til miljøvernar

  • EMNER:
  • PUBLISERT:
    mandag 18. nov 2013
  • AV:
    Redaksjonen

Sidsel 2012Ossietzkypris-vinnar Sidsel Mørck har aldri valt seg dei lettaste motstandarane, sa hennar forfattarkollega Brit Bildøen i sin tale under pristildelinga sist veke. På 1960-talet gjaldt det Norsk Hydro og forureininga i Grenland, i dag gjeld det Statoil og trugsmålet frå eit klima i farleg endring. Men Sidsel har stått for det same, gjennom skiftande tider og med varierande oppslutning og interesse. Det skal det mot og seigheit til. Ossietzkyprisen vert tildelt personar som har gjort ein «fremragende innsats for ytringsfriheten». Håpet er at prisen skal gjere det lettare for henne å bli høyrd, seier Norske PEN. 

LITEN MILJØTALE TIL SIDSEL MØRCK

Brit Bildøen

Brit Bildøen

Det siste halvåret har eg hatt gleda av å jobbe saman med Sidsel Mørck i den nystarta Forfatternes klimaaksjon §110b. Og det slår meg at det går ei forbausande klar og rett linje frå dette arbeidet og tilbake gjennom tiåra, til  dengang miljøengasjementet til Sidsel vakna. Det skjedde i Porsgrunn på begynnelsen av 60-talet, da røyken låg tjukk og gul over heile Grenlandsområdet. Den gongen var det Norsk Hydro som måtte bearbeidast, og den kampen varte i mange år. I dag har Statoil tatt over verstingstemplet, og er dermed hovudmotstandaren til dagens prisvinnar. Sidsel Mørck har aldri valt seg dei lettaste motstandarane.

Hovudmotstandaren har eit anna namn, verda har endra seg ganske mykje, men Sidsel Mørck har gjennom desse nesten femti åra stått for det same. Det begynte og har fortsatt med arbeidet mot industriforureining, men Sidsel har òg levert gode argument, i form av dikt, noveller, talar og artiklar, mot velstandsgalopp, våpenkappløp, miljøøydelegging og ei einsidig teknisk verdsoppfatning. 

«Det er langt mellom følelsesliv og næringsliv», seier ho i diktet «Det er langt» frå samlinga En mykere morgen. «Det er langt mellom hva vi tjener og hva som tjener oss.»

Det må vere rart for Sidsel Mørck å sjå at denne avstanden ikkje har blitt kortare, men lengre. At så mykje har gått i feil retning. Men miljørørsla har også hatt sine små og store sigrar gjennom desse åra. Bevisstheten rundt miljø og klima er sterkare i dag, trass alt. Og her har Sidsel si stemme og hennar engasjement vore enormt viktig. Når eg snakkar med folk som jobba med miljøtidsskrift og aviser på 70-og 80-talet opplever eg at folk blir varme i stemma når namnet Sidsel Mørck blir nemnt. Ho sa aldri nei. Ho leverte dikt og artiklar og andre bidrag og ho gjorde det sikkert heilt gratis.

Ei stemme er definitivt ikkje nok – men det er viktig at desse enkeltstemmene finst.

Kvifor gi ein ytringsfrihetspris til ein miljøaktivist? Jau, det er enkelt. Det skal stort sivilt mot til for å stå i denne striden så lenge som Sidsel Mørck har gjort. Forutan konkrete og mektige motstandarar i form av industriherrar og pengemakt, har ein også ein meir subtil fiende å kjempe mot, nemleg likegyldigheten. Og ein vil måtte takle hersketeknikkar som usynleggjering og latterleggjering.

Sidsel Mørck har også gjennom mange av sine vers og forteljingar for barn, vist at ho står på barna si side. Dei som er for små til å bli høyrt, og dei som enno ikkje er fødd, skal også ha ei muligheit til å ytre seg fritt. Det får dei ikkje dersom miljøøydeleggingane blir så store som «worst case»-scenarioet til FNs klimapanel antyder.

Trua på ordets, på språkets makt har stått sterkt i Sidsel Mørcks virke. Ei av dei verkeleg viktige bøkene har vore Framtida er nå frå 1979, ei samling faktatekstar, dikt, bilde og forteljingar som fungerte som opplysnings- aksjons- og inspirasjonsbok. Heilt til slutt i denne boka skriv Sidsel Mørck: «Politikken og poesien er deler av same virkelighet. Vår virkelighet.»

Og dette synspunktet lever ho ut ved å vere med på å stifte Forfatternes klimaaksjon. Prisvinnaren har til tider stått ganske aleine som forfattar med klar miljøprofil. Det gjer ho ikkje lenger.  

 

Spre klimavett,
del denne saken!