All energibruk problematisk, hevdar forskarar

renewableDen gongen dei første bilane rulla rundt i London, jubla folk og sa: Endeleg er vi kvitt all hestemøkka! Bilen blei sett på som ei løysing på eit prekært miljøproblem. Men jammen fekk vi ikkje eit nytt eit! – Menneska vil helst tru på at det finst ei energikjelde der ute som kan løyse alle problem. «Alkymitankegangen» kallar han det, Erling Holden, professor i fornybar energi ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. No har vi levd med fossile energiformer i hundre år, og kjenner godt til dei negative konsekvensane av dette. Dei fornybare energiformene verkar framleis så friske og uskuldsreine. Men kor lenge kan vi halde på den kjensla?

Nye ubehagelege sanningar
Biokjemikar Otto Andersen frå Vestlandsforsking har gjeve ut ei bok om utilsikta konsekvensar av fornybare teknologiar: Unintended Consequences of Renewable Energy. Her peiker han m.a. på nye helseproblem knytt til innblanding av biodiesel i drivstoff for bilar, slik EU har vedteke. Det gir meir giftige avgassar enn eksos frå vanleg diesel, seier han til forskning.no. Blandinga skaper nye kjemiske forbindelsar som kan vere skadeleg for arvestoff, og potensielt kreftframkallande.

Det aller største problemet med fornybare energiformer, er arealbruken, meiner Erling Holden. Viss Europa skal produsere bioenergi på nivå med dagens energibehov, vil det krevje eit areal som er større enn Europa. – Det finst ei stor, gløymd, ubehageleg sanning oppi dette: All energibruk har negative konsekvensar, også om han er fornybar. Dette etterlet oss med eit vanskeleg val: Kva negative effektar er vi mest budde på å leve med? Er løysinga ein kraftig reduksjon av energibruken, og ein heilt annan levestandard enn i dagens vestlege samfunn?

Les intervju med Andersen og Holden på forskning.no: Den grøne teknologiens svarte sider.

 

Spre kunnskap –
del denne saken!