Smått er godt for klimaet

Stavanger Aftenblad refererer i ein leiarkommentar til vurderinga av partia. For den som har følgt med i debatten, er det ikkje overraskande at dei små kjem på topp, skrive avisa. – Dei Grøne får beste karakter – det skulle nesten berre mangla – tett følgt av Venstre og SV. Dei tre største partia gjer det dårlegast.  Derfor er det illevarslande at målingane varslar eit Storting som er meir dominert av desse enn på lenge. For klimaet vil det vera eit dårleg valutfall. På dette området stemmer me heller i med Stavangerensemblet: Smått er godt! Sjå heile kommentaren og andre avisoppslag dagen etter offentleggjering av partiundersøkinga.

Spre klimavett,
del denne saken!