Klimapolitikk 2013 – 2017: Senterpartiet

Senterpartiet ser på klimaendringane som ein av dei mest grunnleggjande utfordringane verda står overfor. Kva tyder det? Programforslaget inneheld relativt få konkrete forslag og for det meste tiltak som alt er vedtekne i klimaforliket. Om oljeboring i Lofoten og Vesterålen meiner dei ikkje noko.

Redaksjonen i Energi og Klima går i ein ny serie gjennom programutkasta til partia på Stortinget og vurderer om innhaldet har nok kraft og vilje til å omstille Noreg til eit lågutsleppssamfunn.

Olje vanskeleg punkt: Målt mot programmet for gjeldande periode, er det programutkastet meir petroleumsvennleg. Der står det til dømes at «petroleumsaktiviteten i Barentshavet må vere avgrensa og byggje på strengje miljøkrav» og at Senterpartiet vil «skjerme særskilde verdifulle havområde frå petroleumsverksemd». Ein finn ikkje att denne slags formuleringar i det nye.

Togradersmålet: Senterpartiet vil arbeide for ein ny internasjonal klimaavtale som inkluderer alle land. Det overordna målet til Senterpartiet er å unngå temperaturauke på meir enn to gradar innan år 2100. Men uavhengig av om ein får til ein internasjonal avtale, meiner Senterpartiet at Noreg må «redusere nasjonale utslipp i alle sektorer».

Fornybar energi: Ingen andre parti koplar skog og klima så tett til kvarandre som det Senterpartiet gjer. Dei vil ha ei storstilt satsing på fornybar energi, mellom anna gjennom å gi investeringstilskot til varme- og bioenergi. I tillegg foreslår dei å bruke det statlege eigarskapet for å sikre utnytting av fornybare energiressursar.

Utfordring til Senterpartiet: I programutkastet heiter det at dei vil reformere Statens pensjonsfond utland ved å auke investeringa i fast eigedom. Men kvifor ikkje sjå på oljefondet som eit verkty i klimakampen, spør Energi og Klima. Og opne for at Noreg kan reinvestere store deler av oljeformuen i fornybar energi og klimariktig infrastruktur?

Les heile artikkelen om Senterpartiet i Energi og Klima.

Sjå også «Søkelys på klimaforliket/klimameldinga» frå Besteforeldreaksjonen.

Spre klimavett,
del denne saken!