Kyrkje, skaparverk og klima

UiB-professorene Sigbjørn Grønås (meteorologi) og Gunnar Kvåle (Internasjonal helse) er begge medlemar av Besteforeldreaksjonens råd. Dei to pensjonistane er mellom dei mest profilerte klimaskribentane i landet, særleg synlege i dei to store vestlandsavisane Bergens Tidende og Stavanger Aftenbladet. Som aktive kyrkjemedlemar skriv dei i sitt lokale kyrkjeblad om det kristne ansvaret for skaparverket.

Ei grøn kyrkje

Kyrkjemøtet har gjeve sin tilslutnad til «Klimavalg 2013» og har utfordra både bispedømmeråd og kyrkjelydar rundt om i landet. Eit mål er å dobla talet på grøne kyrkjelydar. Det skal opprettast eigne «grøne» kontaktpersoner i alle kyrkjelydar, som óg vert oppmoda til å ha eigne fagdagar om miljø og klima. I tillegg vert kvar og ein av oss utfordra til å øva oss på ein «jordvendt kristen praksis», og til å vera bevisste på kva me kan gjera i våre eigne liv, som samfunnsborgarar, forbrukarar og medmenneske.

Politisk og personleg handling

Grønås og Kvåle er glade for det som skjer i kyrkja. Kyrkjemøtet utfordrar alle politiske parti til å føra ein klimapolitikk som gjev raske reduksjonar i klimagassutslepp, samtidig som ein sikrar naudsynt utvikling for fattige land. Men Kyrkemøtet drøfta óg ei skisse til «Øvelse på jordvendt kristen praksis» for bruk i kyrkjelydane. Nokre døme:

  • Kjenn etter om du har gjort deg avhengig av materielle goder som skadar deg sjølv eller andre.
  • Gje raust i ofringar og lag forpliktande avtalar om å støtta ein eller fleire kyrkjelege eller humanitære organisasjonar.
  • Lag eit klimaregnskap for deg og familien din og finn ut korleis du kan kutta energibruk og klimautslepp.
  • Sett deg inn i kva ulike politiske parti meiner om klimarettferd, miljø og arbeid mot global fattigdom og legg vekt på dette når du skal røysta ved val.
  • Følg med om klimaplanar i kommunen du bur i blir gjennomførte.

Eit kall

«I sum er det er godt å sjå at Kyrkja og kristne menneske tek tak i desse dei største utfordringane me som menneske i dag står overfor», skriv dei. «Me er kalla til personleg å ta ansvar og arbeida for naudsynte endringar som må til, både i eige liv og i samfunnet, slik at fattige som lever i dag og generasjonane som kjem etter oss skal kunna få eit liv med akseptable levekår, som også dei har krav på.»      

LES HEILE ARTIKKELEN I OS KYRKJEBLAD

 

 

Spre klimavett,
del denne saken!