Oslo: Besteforeldreaksjonen lokallagsamling

  • DATO: 
    04/02/2016
  • Klokkeslett: 
    kl 10:00 til kl 16:00
  • STED: 
    Miljøhuset Oslo

Logo_besteforeldre klima_2012Besteforeldrenes klimaaksjon har lokallag og lokale kontaktar i byer og tettstader over heile landet. Korleis kan vi lære av kvarandre sine erfaringar og inspirere kvarandre? Korleis lager vi ein god lokal stand? Kva skal til for å få fleire medlemar? Kven kan vi samarbeide med? Kva har vi av materiell, og kva meir skulle vi gjerne hatt? 

Torsdag 04.02: kl. 10 – 16
Ola Dimmen frå Trondheim og medlem av sentralstyret vil leie denne første samlinga for lokallaga. To frå kvart lag er invitert til å bli med. Delar av programmet vil verte til litt under vegs på samlinga, men vil omfatte presentasjon av lokallaga og lokale aktivitetar, orientering om arbeidet i sentralstyre, diskusjon om om vidare planar etter Paris, ulike aktivitetar på stand: medlemsverving, song og musikk, med vidare.
Sjå også: Idear til samling lokallaga

Middag og sosialt samvær kl. 18 – 22
Berit Wahl og Oslo lokallag inviterer alle til  bokollektivet i Friisgt. 6 på Grønland. Vi snakkar om program for stand og demonstrasjon framfor Stortinget og øver litt på songar.

Fredag 05.02 kl. 11-14
Oslo lokallag inviterer til stand og demonstrasjon framfor Stortinget og klimakafe etterpå.

Påmelding og meir informasjon: Ola Dimmen (oladim@online.no). Tlf 918 82 645 

Tips til onsdag kveld 03. 02 for dei som vil:
Josefine viseklubb arrangerer denne dagen festkveld for Birgitte Grimstad. Arrangementet har ingen samanhang med vårt møte, men Ola skal dit og truleg fleire frå BKA også.

Aktivister fra lokallaget i Oslo synger foran Stortinget.

Aktivister fra lokallaget i Oslo synger foran Stortinget. Birgitte Grimstad til høyre i bildet.

Spre klimavett,
del denne saken!