Quiz for klima

quiz 1

Kvifor ikkje ein rask gatequiz til opplysning? Laurdag var BKA i Trondheim på Nordre gate og utfordra folk til å teste kunnskapen om fornybar energi. Mange let seg overraske av at fornybare investeringar har gått ned med 40 % sidan 2018, og at Equinor berre er 0,15 % fornybar. Noreg satsar på olje og lite anna, slik er det dessverre.

Sjå Fornybar energi: quiz med fasit

Det er jo spesielt hyggeleg med respons frå unge. Mange tok quizen, og fleire hadde foreldre som jobbar  i oljebransjen. Dei skulle heim og ta ein prat, så vi får håpe at vi ikkje skapte altfor mye uro i heimen, eller kanskje skal vi håpe på akkurat det?

Vi hadde også laga ein plakat der folk kunne svare på spørsmål. Der er tydeleg at folk er positive til å satse på fornybare energitiltak som for eksempel jordvarme, sjøvarme energisparing og effektivisering (ENØK). Vi treng jo ikkje gå over bekken etter vatn.

LO var våre stand-naboar denne dagen, og dei meinte også at det er lettare å få gehør for konkrete tiltak som ligg klare til bruk. Dei har store interne diskusjonar om olje, så ein prat med LO er opplysande både om konfliktlinjer og maktforhold i fagrørsla.

Vi er midt inne i «sannhetens øyeblikk» for ekstremver og klimaskader, og det var også overraskende for mange at det vil koste to heile statsbudsjett å oppnå ei forsvarleg nivå av tryggleik for offentleg infrastruktur og bygningsmasse. Etterslepet er enormt og dette har vi visst i mange tiår.

Sjølvsagt var det også nokon som lurte på kva vi skal gjere utan olje. Dessverre må svaret bli at spørsmålet er feil. No er spørsmålet kva vi skal leve av viss vi fortset med olje og øydelegg klima og natur.

Helsing Ola Dimmen, Besteforeldrenes klimaaksjon i Trondheim og omegn


Hyggelege elevar frå vidaregåande var villig med på leiken – og let seg meir enn gjerne fotografere med oss.

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*