– Det dreier seg om å synleggjera ansvar

linda Finn B tog
Linda Parr og Finn Bjørnar Lund er klare til å gå ombord i Klimatoget. Foto: Andra Rygg Nøttveit / Framtida.no

Ungdoms-nettavisa Framtida.no vert med på klimatoget frå Oslo S i morgon, og har snakka med dei to reiseleiarane frå Besteforeldreaksjonen, Linda Parr og Finn Bjørnar Lund. Fysikklæraren Linda som opphaveleg kjem frå USA, hugsar godt dei store demonstrasjonane mot Vietnam-krigen under studietida i Seattle. Ho veit at det folkelege engasjementet kan vere avgjerande. Besteforeldreaksjonen vil vere ein plattform for eldre som trur at det nyttar. Eg trur besteforeldre har ei veldig sterk stemme når det gjeld å synleggjera det ansvaret me har for dei som kjem etter oss, seier Finn Bjørnar som er psykolog og kjem frå Nordreisa i Troms.

Avgrensa optimisme
Forestillinga om at me ikkje kunne hatt ein velferdsstat utan olje, vil ikkje Finn Bjørnar ha noko av. Sjå berre på Sverige og Danmark. Det er heilt klart at det er me som har stelt i stand problema. Me meiner at dette er eit etisk spørsmål, og at me har faktisk eit ansvar for å gjera noko med det.

fra framtida.noHan tenkjer ikkje berre på barnebarna, men òg oldebarna – sjølv om dei ikkje er fødd enno.

Så kva forventningar har ein engasjert gjeng med besteforeldre til kva løysingar som kan koma når verdas leiarar samlast igjen?

– Avgrensa optimisme, svarar Linda, og forklarar: – Eg har skjønt at ein kan rekna med at det blir ein avtale, men med ein del avgrensingar. Det ein kan håpa på er at det vert ein solid plattform der dei aller fleste land har lova å kutta i sine utslepp og forpliktar seg til å rapportere med jamne mellomrom.

– Det blir all grunn til å ta saka vidare. Me vert ikkje overflødiggjort i kampen for klima i framtida, seier Finn Bjørnar, som er budd på ein del skuffelsar.

Sjå artikkel i framtida.no: http://framtida.no/articles/besteforeldre-i-klimatog-til-paris#.Vl4CjmeFOM9

 

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*