Til: Jens. Frå: Framtida

  • EMNER:
  • PUBLISERT:
    tirsdag 21. mai 2013
  • AV:
    Redaksjonen

Mange særinteressar skal tilfredstillast no før valet. Med støtte frå m.a. Besteforeldreaksjonen  har ungdomsorganisasjonen SPIRE teke til orde for etablering av ein eigen OMBODSPERSON FOR FRAMTIDA. Framtidige generasjonar vil merka dei fulle konsekvensane av politiske avgjersler tekne i dag. Det vil påverka deira moglegheiter til å møta økonomiske, sosiale og miljømessige utfordringar. Dette poenget slo også Stortinget då det i 1992 samrøystes vedtok dette tillegget til Grunnlova, at ”Naturens Ressourcer skulle disponeres ud fra en langsigtig og alsidig Betragtning, der ivaretager denne Ret ogsaa for Efterslægten”.

Ei vaktbikkje for framtida 

 – Å sørgja for at ressursane våre blir forvalta på ein berekraftig måte er ei av dei viktigaste oppgåvene me har som samfunn, skriv SPIRE på sine nettsider.  – Likevel ser me at langsiktige omsyn for ofte blir ignorert til fordel for ynskje om kortsiktig økonomisk gevinst. Naturleg nok avgrensar fireårige valperiodar tidshorisonten til dei folkevalde. Difor treng Noreg eit nasjonalt råd utanfor regjeringsapparatet for å sikra ei berekraftig utvikling.

 – Framtidsombodet skal vera ein politisk uavhengig institusjon som har som mandat å vera eit talerøyr for framtidige generasjoner. Det vil ha stor fagleg integritet, og kan difor kvalitetssikra og formidla påliteleg, aktuell og forståeleg informasjon. I tillegg skal det peika på langsiktige konsekvensar av dagens politikk, og sjå til at gjeldande regelverk som omhandlar berekraftig utvikling blir etterfylgd. Framtidsombodet vil såleis fungera som både vaktbikkja og lavinehund på same tid.

Attende til Brundtland-kommisjonen?

I dag er det Finansdepartementet som har det øvste ansvar for Noregs politikk på berekraftig utvikling. Denne ordninga fungerer ikkje optimalt, seier SPIRE.  – I den nyaste perspektivmeldinga blir økonomisk berekraft godt ivaretatt gjennom planar for langsiktig vekst og velferdsgode, men korleis ein planlegg å imøtekoma framtidige generasjonar sine grunnleggjande behov av ikkje-økonomisk art, framkjem ikkje av meldinga. Finansdepartementet latar til å ha få konkrete planer på dette området.

Det er bekymringsverdig at likestilling mellom generasjonar og rettferdig fordeling av ressursar i et langtidsperspektiv blir så dårlig ivaretatt. Dette problemet peika Brundtland-kommisjonen på i 1987 då dei uttala: ”Vi låner miljøkapital fra framtidige generasjoner uten tanke på, eller muligheter til, å betale tilbake. Vi handler som vi gjør fordi vi kan slippe ustraffet fra det.” Høyr på Gro, Jens! Me røvar frå framtida. Det er tungt å binda eit heilt land til masta, men kanskje klarar du det med litt muskelkraft frå eit Framtidsombod.

Vi må tenkja nytt!

Fleire land har allereie innført politiske uavhengige institusjonar som skal sikra berekraftig politikk på heimebane, skriv SPIRE.  – Det føregår òg ein internasjonal prosess for å få etablert ein institusjon på FN-nivå. Noreg har skrive under miljøkonvensjonar, inngått internasjonale forpliktingar og utforma ambisiøse handlingsplanar over ein låg sko. Dette forpliktar. Sidan me manglar ein institusjon som forankrar omsynet til framtida i dagens politikk og næringsliv, ligg framtida likevel aldri lenger vekke enn neste val. Berekraftig utvikling og framtidige generasjonars rettar fell i dag mellom fleire stolar. Eit framtidsombod burde allereie ha vore på plass for lenge sidan. Kva er du redd for, Jens? Ein meir langsiktig politikk?

 – Kjære Jens, det er keisamt når alle masar om meir snop samstundes, og det er lett å bli litt slepphendt med sjokoladen. Framtidsombodet kan hjelpa deg med å passa på at det er nok snop igjen til laurdagskveldar i all uoverskodeleg framtid.

Sjå meir informasjon om kampanjen for eit Framtidsombud

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*