Senterpartiet ser på klimaendringane som ein av dei mest grunnleggjande utfordringane verda står overfor. Kva tyder det? Programforslaget inneheld relativt få konkrete forslag og for det meste tiltak som alt er vedtekne i klimaforliket. Om oljeboring i Lofoten og Vesterålen meiner dei ikkje noko.
Redaksjonen i Energi og Klima går i ein ny serie gjennom programutkasta til partia på Stortinget og vurderer om innhaldet har nok kraft og vilje til å omstille Noreg til eit lågutsleppssamfunn.




