«Har du nokon gong lytta til jorda? Ja, jorda snakkar, men berre til dei som kan høyra med hjarta. Den snakkar på tusen ulike måtar, men nett som kjærastar og familiemedlemer og vener, sender den ofte meldingar utan ord. For du veit, jorda snakkar på kjærleiksspråket», skriv Kari Bye frå Voss. Ho er formgjevar og skribent, engasjert i skapande og berekraftig utvikling, og er nett blitt med i Besteforeldrenes klimaaksjon. – Det er forresten ikkje mine eigne ord, dette. Det er noko las eg i ei bok ein gong i Colorado, som heitte ”The Earth Speaks”, skrive av den amerikanske miljøfilosofen Steve van Matre.