Trondheim og omegn BKA

Her kan du lese saker om lokallaget som har vært publisert på BKAs nettsider.

Omstilling på dagsorden

Om lag femti tilhøyrarar hadde funne vegen til det andre møtet om energiomstilling som BKA arrangerer på Litteraturhuset i Trondheim. Temaet for møtet var korleis få til overgangen frå fossil til rein og fornybar energi. Forsamlinga fekk mange gode analyser og forslag til korleis vi som samfunn bør kunne klare ei slik oppgåve.

Spre klimavett,
del denne saken!

Finans, klima og risiko

BKA i Trondheim inviterte til møte med tema klima og finans, og dei frammøtte på Hornemannsgården fekk høyre eit engasjert og personleg foredrag med Rune Røkke frå Klimafinans AS. Han er siviløkonom og har jobba med bank og forsikring i mange år. Som tidlegare fallskjermhoppar og dykkar veit han òg kva risikovurdering er!

Spre klimavett,
del denne saken!

På besøk hos Tekna

Trondheim 23.09: BKA fekk ein hyggjeleg invitasjon til å halda ein kort appell på Tekna Senior-møte om «Kraftforsyningen i Norge, utfordringer og mulige løsninger». – Eit høve til å fortelje kven vi er og kva vi står for, seier Ola Dimmen. Deretter fekk vi høyre eit foredrag av utviklingsdirektøren ved Varanger kraft – til ettertanke.

Spre klimavett,
del denne saken!

Energiomstilling

Besteforeldrenes klimaaksjon, i samarbeid med Grønt kontor og NTNU, skal i haust ha tre møter om energi og energibruk på Litteraturhuset i Trondheim. Det første handla om klimaperspektivet og vart arrangert mandag denne veka. Mange interesserte hadde funne vegen for å drøfte korleis Noreg kan frigjere seg frå olje og gass.

Spre klimavett,
del denne saken!

Med helsing frå Trondheim

Besteforeldrenes klimaaksjon i Trondheim er og blir BKAs eldste og mest aktive lokallag. No har også dei lagt inn ein pause – etter hyggeleg sommaravslutning på Lavollen. – Nokre gongar når vi ser verda omkring oss, må det vere lov å trekke seg tilbake og bare vere saman og nyte den fantastiske naturen no i juni, seier Ola Dimmen.

Spre klimavett,
del denne saken!

Natur og klima for store og små

Det er mange måter å markere Verdens miljødag 5. juni. I Trondheim arrangerte BKA dette året naturkurs for barn og besteforeldre: «Hvordan vekke engasjement for natur og klima gjennom opplevelser i skogen tidlig på sommeren?» Det gikk over to dager, begynte med teori for de store, og fortsatte sammen med de små ute i det fri.

Spre klimavett,
del denne saken!

Begeistrar dei unge!

Du har vel høyrt at dei unge ikkje lenger er opptekne  av klima og miljø? – Då skulle du vore i Trondheim i dag – og sett på folketoget og gjengane av ungdom som sto langsmed ruta og klappa og ropte begeistra til flokken frå Besteforeldrenes klimaaksjon som marsjerte forbi med eiga fane og felles song: – «Alle barn skal arve jorda!»

Spre klimavett,
del denne saken!

Med allsong i folketoget

I år som i fjor skal Besteforeldrenes klimaaksjon i Trondheim delta i det store folketoget 17. mai. Det er ein hyggjeleg tradisjon når alt som kan krype og gå av frivilligheit, organisasjonsliv, idrett og kultur, viser seg fram. Det er korpsmusikk, dans og turn, – og då skal også vi i BKA hive oss på med allsongen vår, fortel Ola Dimmen.

Spre klimavett,
del denne saken!

Investeringer for framtida

BKA vil at Norge skal øke sin klimabistand kraftig, til minst 50 mrd. kroner i året. Det samme vil Redd Barna og Kirkens Nødhjelp. Det har vi uten tvil råd til, og det finnes effektive måter å bruke pengene på, sier Eirik Mofoss. Han er daglig leder i tankesmia Langsikt, som arbeider for en politikk som bedre ivaretar framtidas interesser.

Spre klimavett,
del denne saken!

BKA i Nidarosdomen

7. september er skaparverkets dag, og prest i Nidarosdomen, Andreas Hilmo Grandy-Teig, hadde invitert BKA til å delta i gudstenesta – og til å synge «Songen for barna». Songteksten var delt ut til meinigheita saman med salmeboka, og domkoret og organisten hadde øvd på førehand. Ein stor dag for besteforeldra i Trondheim!

Spre klimavett,
del denne saken!