Finans, klima og risiko

Finans 2
Foredragshaldar Rune Røkke poserar saman med Trondheims torgkone (Tone Thiis Schjetne, skulptør). Foto: Ola Dimmen

BKA i Trondheim inviterte til møte med tema klima og finans, og dei frammøtte på Hornemannsgården fekk høyre eit engasjert og personleg foredrag med Rune Røkke frå Klimafinans AS. Han er siviløkonom og har jobba med bank og forsikring i mange år. Som tidlegare fallskjermhoppar og dykkar veit han òg kva risikovurdering er!

Vi må bindast til masta!
Av Ola Dimmen

Rune Røkke har i tilegg vore engasjert i arbeidet med utforming av godkjennigsreglane for grøne investeringar (taksonomien) som skal hindre grønvasking. Han har vore med på reisa  frå den optimistiske Parisavtalen i 2015 og fram til dagens nokså mislukka resultat med framleis store utslepp, og både Røkke og forsamlinga undrast over kvifor vi har kome så kort i fornybar omstilling? Aksjar i grøne investeringar har falle kraftig på Oslo Børs.

Ei viktig forklaring er at staten tar nesten all risiko i oljeinvesteringar, medan i fornybar-investeringar er det omvendt. Her må bedrift og investor ta nesten all risiko. Det skulle sjølvsagt vore omvendt!

Finansnæringa sit på pengane og har stor makt når prosjekt skal finansierast, men forsamlinga blei svært overraska når Røkke fortalde at bankar nesten ikkje vurderer fysisk klimarisiko. Klimaskadar blir ofte ei sak for naturskadefondet og oppgjer i ettertid. Rett nok har forsikringsselskap prøvd å sette foten ned for gjenoppbygging av hus i flomfarlege område, men der får kommunen ofte viljen sin likevel, for eksempel i Vågå.

Det blei ein god samtale og diskusjon undervegs i foredraget, og Røkke meinte at både staten og finansnæringa må ansvarleggjerast mykje meir for å betre  klima. Alle må forstå at vi er med på reisa og vil bli ramma av klimaendringane. Vi må bindast til masta, som han sa. Politikken må endrast og statleg risikovilje og støtteordningar, f. eks. Enova, må styrkast. Her er pressgrupper som BKA veldig viktige, så vi får stå på!


BKA-forsamlinga i festsalen i Hornemannsgården i Trondheim. Foto: Ola Dimmen

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Jarle Sylta | 13.10.2026

    Det er trist at me klamrar oss til ein økonomisk modell som ikkje tar meir hensyn til klima og natur.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*