Oljeboring i Arktis

  • EMNER:
  • PUBLISERT:
    lørdag 14. nov 2026
  • AV:
    Redaksjonen
WWF møte 4
Céline Gauer og Lan Marie Berg på scena. Danile Høgsta frå WWF til v., Sigurd Solheim Pettersen frå DNV til h. Foto: Ola Dimmen

Ola Dimmen fortel at jubelen stod i taket då fredagens møte på COP31 om norsk oljesatsing i Arktis opna, og ein frå Greenpeace fortalde om sigeren i Høgsterett. Den perfekte opptakt til eit møte som stilte spørsmålet: – Kan norske planar for fossil energiproduksjon i Arktis overleve møtet med fornybar-omstillinga i EU/Europa?

Foto: Ola Dimmen

WWF, Greenpeace Nordic og Nordic Center for Sustainable Finance arrangerte møtet. Susanne Waage frå WWF opna med ei klar framstilling av den norske oljesatsinga i Arktis. Arrangørane har laga ein ironisk og profesjonell film og sett i gang ein underskriftskampanje.

Eit av hovudspørsmåla er jo kva EU vil gjere som kunde. Céline Gauer, direktør for energi i EU-kommisjonen, kom eigentleg ikkje med noko nytt. EU-politikken ligg fast. EU vil først og fremst satse på fornybar energi produsert i Europa, fordi sjølvforsyning gjer energiforsyninga tryggare. I ein overgangsfase vil EU gjerne ha olje og gass frå Noreg, men på sikt vil unionen ikkje gjere seg avhengig av berre ein energileverandør.

Sigurd Solheim Pettersen, seniorforskar i DNV, vurderte framtida for olje- og gassverksemda ut frå marknadsanalysar og lønsemd. Ifølgje Pettersen vil EU trenge norsk gass lenge enno, og behovet vil vere større enn det Noreg kan produsere. Då kom det eit litt ironisk spørsmål frå salen: Vil EU kjøpe all gassen sin frå Noreg berre for å vere snille med oss? Det finst jo andre leverandørar, og er det ikkje prisen som avgjer?

Lan Marie Berg representerte den norske omstillingskommisjonen. Ho var sjølvsagt strålande fornøgd med sigeren i Høgsterett, men sa elles det som alle oppegåande politikarar no bør vite: Det er ikkje sikkert at vi får selt oljen og gassen vi produserer om 15–20 år. Langt nord i Barentshavet manglar det røyrleidningar og annan infrastruktur. Vêrtilhøva og mørketida gjer dessutan oljeutvinninga svært vanskeleg. Vi har høyrt dette før, men det er viktig å seie det om att og om att.

Svein Tveitdal snakka med Gauer etter møtet og spurde kva risiko EU meiner Noreg tek ved å satse på olje i Arktis. Vi har jo skrive under på vegkartet for utfasing av fossil energi, og vi veit at EU ikkje vil ha den nye oljen frå Arktis. Svaret var diplomatisk, men kort og tydeleg: Noreg må sjølv ta risikoen. EU ønskjer tydelegvis ikkje å binde seg til å kjøpe norsk olje og gass i framtida, men vil gjerne kjøpe fornybar energi. Då er det lett å forstå at handelen kan bli vanskeleg når Noreg heller vil selje dyr olje frå Arktis og halde på straumen sjølv.

Daniel Høgsta frå WWF leidde møtet. Temaet passa godt inn i det som kanskje er den viktigaste og vanskelegaste diskusjonen på COP31, om overgangen bort frå fossile brensel (Transition away from fossil fuels, TAFF). Dette kjem vi til å høyre mykje meir om!

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Øyvind Wistrøm | 14.11.2026

    Veldig bra! Og god oppmuntring for BKAs krav og videre arbeid mot oljeutvinning i Arktis. Her har vi politiske facts til vår argumentasjon! Takk til Svein og Ola. Kjempejobb!!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*