
I dag var det folket sin tur, og ein stor klimamarsj gjekk gjennom gatene i Antalya i samband med COP31. Alt var nøye planlagt, og politiet hadde sett opp kontrollpostar og gjerde langs heile ruta. Over 10 000 deltok i marsjen. Ein demonstrasjon som dette er eit sjeldant syn i eit land som Tyrkia. Desto viktigare var det at han vart halden!
Heldigvis gjekk alt roleg for seg, fortel Ola Dimmen på den siste dagen sin på folkets toppmøte, The People’s Summit. I morgon set han kursen heim til Trondheim.
– Det er jo fantastisk å gå i ein slik marsj og møte så mange som er opptekne av klima og miljø. Det er sjeldan ein kjenner seg så heime blant folk som lever så ulike liv og har så ulike utfordringar.
– Du kan snakke med kven som helst i toget. Alle vil prate om klima, natur og framtida for jorda. Vi snakkar om dei store spørsmåla, som korleis vi skal fase ut fossil energi og ta vare på skaparverket. Så kjem vi inn på sakene folk kjempar for der dei bur. Det kan vere ei oljerøyrleidning i Brasil, rovdrift på ressursar i Sør-Afrika eller ei rettssak mot sementindustrien på øyar i Indonesia der havet stig faretruande.
– Det var særleg kjekt å møte nokre bestemødrer frå Antalya. Dei hadde ein organisasjon som arbeidde for rettane til barn og for at barn skal få god omsorg. På eit vis var det som om eg kjende desse flotte damene frå før!
Marsjen starta eit stykke oppe i byen og gjekk ned til hamna. Der enda toget på eit stort område med talar og appellar og mykje god musikk.
– Det var litt politikk og litt karneval, og det passar meg bra. Eg merka kor lett det var å kome i prat med folk når eg gjekk der med BKA-hatten, T-skjorta og plakatane. Eg vart intervjua av italienske aviser, medium frå Taiwan og lokalpressa i Antalya. Alle ville vite kva vi driv med i Besteforeldrenes klimaaksjon. Då var det berre å prate i veg om BKA og om det norske dobbeltspelet med klima og olje.
– Mobilen gjekk nesten varm under marsjen. Eg sit att med mange gode minne om folk eg møtte, både frå Tyrkia og frå resten av verda. Det er godt å vite at vi ikkje er åleine!





