Omstilling på dagsorden

energiomstilling 0

Om lag femti tilhøyrarar hadde funne vegen til det andre møtet om energiomstilling som BKA arrangerer på Litteraturhuset i Trondheim. Temaet for møtet var korleis få til overgangen frå fossil til rein og fornybar energi. Forsamlinga fekk mange gode analyser og forslag til korleis vi som samfunn bør kunne klare ei slik oppgåve.

Foto: Ola Dimmen

Ola Dimmen refererer:

Før innleiarane starta fekk vi ei  inspirerande og oppmuntrande  helsing frå Den grønne studentbevegelsen ved Gro Letnes Nergård. Ho er akkurat ferdig med studia og arbeidar no med berekraft i styret for NTNU. Gro fortalde at sjølv om engasjementet kanskje har vore i dvale ei stund, er studentar og Grønt kontor på NTNU no aktive som aldri før. BKA og Trøndersk natur og klimaallianse samarbeidar med studentane og kan stadfeste dette.

Ikkje mindre enn tre innleiarar var inviterte til møtet, og dei løfta fram mange interessante problemstillingar og innfallsvinklar til det store spørsmålet: Kor mykje energi treng me eigentleg og kva blir konsekvensane av denne energibruken?

Først ute var Tomas Moe Skjølsvold. Han er professor ved Institutt for tverrfaglige kulturstudiar og tok utgangspunkt i polariserte og til dels voldsomme konfliktar som har funne stad både i arbeidslivet og miljøkampen. Vår generasjon hugsar Mardølaaksjonen, men kanskje ikkje at hovudavtalen kom i stand etter Menstadslaget i 1931. Skjølsvold drøfta om vi også treng å få til ein hovedavtale for klima? Konfliktane rundt vindkraft kunne kanskje trengt at vi løyste dei på ein meir systematisk og avtalt måte?

Linn Hege Aune er leiar for bærekraft og forretningsutvikling i investeringselskapet Investinor. Dei arbeidar tett opp mot næringslivet, og ho fortalde om nettselskap som hadde investert i eit styringssystem for kraftlinjer, faktisk ei kule som heng på linja, og som aukar effekten med 30 prosent. Næringslivet investerer på lang sikt, og det er viktig at statlege støtteordningar og marknaden kan samarbeide. Dette var også eit av spørsmåla i debatten: Kvifor kan ikkje vi vise same vilje til statleg satsing i fornybar omstilling som ved starten av oljeeventyret?

May Thorseth professor ved Institutt for filosofi og religionsvitenskap. Ho arbeidar med  etikk og politisk filosofi som hovudfelt, og ho gav eit interessant historisk blikk på  menneskeleg overmot eller «hybris». Vi ønskjer stadig meir, men klarar ikkje å sjå samanhangen mellom våre flyturar, bilkjøp og forbruk, klima og naturkrisa. Ho meinte at vi må få eit meir kjenslevart forhold til kva som skjer med klima og natur der vi tar i bruk kunst, musikk og kultur. Det var jo som musikk i øyrene til BKA – her kjenner vi oss igjen!

Debatten gjekk friskt etter foredraga, men Anne-Lise Aakervik frå NTNU heldt god styring på innspel om mange store og vanskelege tema.

May Thorseth (ø.v.), Linn Hege Aune, Tomas Moe Skjølsvold, Gro Letnes Nergård. Foto: Ola Dimmen

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*