Klimakamp er kvinnekamp, seier Ola Dimmen, etter å ha vitja pavijongen for kvinner og urfolk lengst bak i messeområdet. Det er dei som mest får føle konsekvensane av klimaendringane og øydelagde livsvilkår. Dei kjem til kort i kampen om ressursar, og ber samstundes byrdene for det daglege brød og underhald til familiar og barn.
Møte med sterke kvinner
Kvinner frå fleire verdsdelar snakka om situasjonen, og det var jo hyggeleg å høyre at kvinner frå Kongo hadde mykje positivt å seie om Noreg. Dei hadde vore fleire gonger i Noreg og takka for hjelpa dei får gjennom Regnskogfondet. Den er svært viktig for å hindre avskoging og naturøydeleggingar og styrke rettane til urfolk, sa dei.
I Amazonas derimot, er det verre. Der har Hydro i lang tid drive utvinning av bauxitt og har rasert regnskog og leveområder for urfolk. Organisasjonen Yande Iwi organiserer urfolkskvinner som kjempar mot dette, men det er vanskeleg å stå imot sterke kapitalkrefter. Dei har stort behov for både økonomisk og moralsk støtte, og vi får vone at gjenvalget av Lula kan betre situasjonen.
I Peru trugar klimaendringane både levevilkår og kultur. Quechua-kvinner opplever faktisk at mobilbruk er svært skadeleg for overleveringa av nødvendig kunnskap om språk og natur og jordbruk mellom generasjonane. Dette handlar også om verdigheit og kulturell stoltheit, og kvinner kjempar no for at dei skal overleve som folk. Alle er sterke kvinner som fortenar vår merksemd og støtte!
