
Det var mykje finstas og få aksjonsplakatar å sjå på klimatoppmøtet i Tyrkia i går, fortel Ola Dimmen. – Sjølv la eg plakatane mine på golvet og tok fram roperten og begynte å synge. Folk stoppa for å høyre, ta bilete og slå av ein prat om klimapolitikk. Då eg fortalde om norsk oljesatsing i Arktis, trudde fleire knapt det dei fekk høyre!
– Eg hadde vore spent på trafikken og på kor mykje politi vi kom til å møte. Men då eg kom etter klokka tolv, såg det ut til at COP31 gjekk som vanleg. Politi var det heller lite å sjå.
– Inne på klimatoppmøtet var det eit folkehav, og mange hadde pynta seg skikkeleg. Eg såg knapt ei einaste aksjons-T-skjorte utanom den eg hadde på meg frå Besteforeldrenes klimaaksjon..
– Utover dagen blei det meir liv i den blå sona. Eg fekk høyre både iransk sekkepipe, tyrkisk fele og fransk trekkspel. Og etter ein prat med tryggingsfolka fekk eg i gang mi eiga vesle markering.
– Eg fann ein plass for plakatane ved eit hjørne der mange gjekk forbi. Så song eg i den nylaga roperten for alle som ville høyre. Folk tok bilete og filma, og både den raude aksjonshatten og T-skjorta fekk kompliment.
– Det beste var likevel samtalane. Eg kom i prat med folk frå fleire delar av verda. Mellom anna med ei dame frå Filippinane som fortalde om satsinga på sol og vind for å gi fleire tilgang til straum. Eg traff òg nokre frå Kongo, og ikkje alle har så positive erfaringar, dessverre. Det fekk meg til å tenkje på kor tett klima og menneskerettar heng saman. Kven får straum? Kven tener på oljen? Og kven sit att med rekninga når naturen blir øydelagd?


Takk for at du bruker talentene, tida og pengene dine på å protestere mot norsk oljepolitikk på denne måten, Ola! Med song skal olje i Arktis stoppast!
Takk for at du gjer dette! Du har full støtte herifrå, og du gjer det vegne av oss alle. Takk også for at du minner oss om samanhengen mellom klima og menneskerettar.
Takk for at det finnes én-manns foretak med topp kvalitet! Har gode minner fra COP15 i Paris med sanger på flere språk og øyfolk som rørte oss sterkt med sine fakta om at livet ble tatt fra dem. De sang taktfast, mens de satte stokkene sine i gulvet – «one point five – keep us alive!!!». Solidaritet med de som allerede har kjent klimavirkningene lenge trenger vi alle å påminnes om. Jeg tar bølgen for deg Ola!
Ola, du viderefører en av grunnpilarene i BKA, nemlig gateaksjonismen. Rapportene dine fra klimatoppmøtet fanger opp det fargerike folkelige engasjementet som utspiller seg på utsida av møterommene – stemmer som appellerer til solidaritetsfølelsen vår og gir oss håp og pågangsmot. Tusen takk🌺!