Nei, ikkje Ola Nordmann, altså. Det er BKA-veteranen Ola Dimmen frå Trondheim som på sparket har teke turen til Antalya i Tyrkia for å vere med under FNs 31. klimatoppmøte. Kvifor?– Jau, eg sat og såg på kalenderen og tenkte at vi har jo godt med tid no i november. Så kvifor ikkje dra nedover og prøve å skape litt liv? Sånn vart det.
– Eg reknar sjølvsagt ikkje med at turen min hit gjer store skilnaden. Men eg skal vere her nokre dagar og håpar å få med meg inntrykk eg kan dele når BKA held temamøte om COP-prosessen i Trondheim 20. november.
Den første dagen var litt forvirrande, innrømmer Ola. Men på vandringa mellom den blå og den grøne sona kom han brått over noko kjent. Ei gruppe studentar frå Antalya hadde sett saman eit streetband med oljefat og plastkasser. Mange av dei var jazzmusikarar, og dei spelte godt. – Ein gammal musikklærar blir rørt og glad av slikt. Dei hadde òg laga glaskuler med blomar og plantar i for å minne oss om kor sårbart livet på den vakre jorda vår er.
Begge messe-sonene ligg på det idylliske området der Expo 2016 vart arrangert. Den grøne sona er open for alle, medan den blå er for delegatar og andre med akkreditering. Mange i Forum for utvikling og miljø (ForUM) har vore på desse møtene før og kjenner systemet. Det ramlar stadig inn praktiske meldingar internt og oppdateringar frå internasjonale nettverk som Carbon Action Network.
– Utroleg nok greidde leiaren i ForUM, Lillian Eriksen, å skaffe meg akkreditering i siste liten. I den blå sona har mange land flotte presentasjonar. Alle vil jo vise seg fram frå si beste side. Folk er svært hyggelege og lèt seg gjerne fotografere.
Trafikken er vanskeleg, fortel Ola. Når statsleiarane kjem, blir heile den grøne sona og delar av den blå stengde. Med stengde vegar og bussar som ikkje går, blir det nesten umogleg å ta seg fram. Stengingane skal vare i to dagar, og fredag skal det opne att.
– Eg høyrer at det kan bli demonstrasjonar utanfor COP31-arenaen. Og det blir i alle fall liv og røre på folketoppmøtet, The People’s Summit, som tek til laurdag. Tyrkia er eit strengt land utan særleg demokratiske tradisjonar, men dette folkelege initiativet har fått sleppe til. Sjølv vil eg snakke med folk og høyre kva dei håpar på, og korleis dei ser på sin eigen situasjon no når klimaendringane råkar så hardt, både her ved Middelhavet og mange andre stader.



