Klima, olje og velferd

kystens hus med logo

Frå nord til sør i landet står Besteforeldrene på, med engasjement for barnebarns framtid. – I aksjonsvekene i sommar har vi hatt stand fleire gongar i Tromsø og for første gong også på Finnsnes, fortel lokallagsleiar Ingunn Elstad. Vi opplever at mange er interesserte og uttrykker støtte og forståing for klimasaka. Vi får også nye medlemmer!

Mange ønskar å diskutere aktuelle tema som vindkraftutbygging, men òg overforbruk. Oljeøkonomien går mot slutten. Vi treng ei planmessig omstilling som sikrar jobbar og kompetanse. Det er muleg!

Velferd er muleg utan oljeinntektene. Den norske velferdsstaten var ferdig bygd før det var tatt opp olje. Velferd krev først og fremst vilje til fordeling. Vi treng ikkje stadig auke i forbruket av energi. Vi treng ikkje dei store forskjellane i samfunnet. Vi treng ikkje sløsing og overforbruk.

Dette har vi laga eigen løpeseddel om, i tillegg til dei vi har fått frå BKA sentralt. Vi har også delt ut oversikta som er laga over klimapolitikken til dei politiske partia. Opplysande og kontroversielt, slik det skal vere frå ein grasrotorganisasjon som vår!

Onsdag 1. september arrangerer BKA Arktis Tromsø og omegn ope møte for medlemmer og interesserte, med tittelen: «Tid for klimahandling» Vi er heldige og har fått professor Rune Graversen ved Universitetet i Tromsø til å innleie om dei aktuelle klimaendringane i nord. Ingunn Elstad frå lokallaget skal ha eit innlegg om Noreg og klimakrisa. Deretter er ordet fritt: Kva kan vi gjere?  Og kva kan BKA gjere?

Og lørdag 4.  september skal vi på nytt ha stand på Strandtorget i Tromsø!


Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*