Mot ein tøffare valkamp?

barnas klima 6

Ei meiningsmåling nyleg viste at olje-motstanden er på vikande front. Mange har late seg overtyde av argument om at velferda er avhengig av oljeinntektene. Uvissa skapt av pandemien har gjort sitt til at fleire søkjer mot det dei opplever som tryggast. Det fekk Besteforeldra i Trondheim erfare då dei var ute med sin valkamp-stand i går.

Nina Weidemann og Helle Voss Pütz i sommarvarmen på Nordre.

Ny frisk med stand i ferien
av Ola Dimmen, leiar BKA Trondheim

Det er interessant med stand i ferien. I Nordre gate i Trondheim passerar tilreisande frå heile landet og ein del utlendingar, og mange tar i mot løpesetlar og vil også bli informert om kva Besteforeldrenes klimaaksjon står for og meiner.

Det er likevel slåande at relativt mange avviser kontakten med at dei ikkje skal stemme ved valet eller ikkje bryr seg. Ein skal vere varsam med å vurdere folk ut frå eit kort møte på gata, men ofte er det godt vaksne folk som er minst interesserte. Mange ungdommar stoppar opp og vil gjerne høyre på oss, medan eldre aldersgrupper ofte er avvisande til klimaspørsmålet som politisk sak.

Grunngjevinga er ofte enkel: Vi må jo ha olje, det er olja vi lever av. Nina Weidemann hadde på seg kroppsplakat og blei til og med fotfølgd av ein engasjert oljearbeidar frå Rogaland inn på eit bakeri! Han var fortørna over at vi ikkje forstår kva olja betyr for Noreg!

Det er tydeleg at propagandaen frå oljelobbyen har gjort sin verknad. Mange trur at norske arbeidsplassar og velferd står og fell med oljeverksemda.

Vi delte ut løpesetlane som BKA har laga sentralt, men laga også ein ny for å vise at oljeleitinga må avsluttast så fort som mogleg. Det er viktig  å få fram bodskapen om at omstilling er nødvendig og mogleg og faktisk utan store omkostningar for det norske samfunnet. (jf SSB rapport 2020/38)

Valet er berre om knapt åtte veker, og klima- og oljespørsmålet blir sentralt. Vi skal stå på i Trondheim og krevje svar frå politiske parti på stand når dei dukkar opp!

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*