Klimaplan med tunnelsyn

Dimmen kloden
BKA vurdererer regjeringa si klimamelding: «Våre barn må ikkje få jobben med å rydde opp etter oss.» Ill. ved Ola Dimmen

Klimaplanen som regjeringa nyleg la fram, har store manglar, og er for oppteken av det som tek seg bra ut i den norske klimareknskapen. Det må tenkjast meir gobalt, meiner Besteforeldrenes klimaaksjon. Noreg må ta ansvar for sin olje- og gasseksport. Karbonfangst kan ikkje kompensere for fortsatt satsing på fossil energi.

Klimameldinga
– er dette svaret til klimastreikande barn og unge?

Av Alf Engdal og Ola Dimmen
Barn og unge har streika for jorda og framtida, og vi i Besteforeldrenes klimaaksjon har støtta dei så godt vi kan. Sir David Attenborough ber innstendig «Leaders of the world, you must lead». FNs generalsekretær Antonio Guterres har tatt til motmæle mot den tilbakelente klimapolitikken, ikkje minst i rike land som Noreg.

Regjeringa si nyleg framlagte klimamelding svarar ikkje godt nok på desse utfordringane. Meldinga er  prega av tunnelsyn på tiltak som kan loggførast som norske utsleppsreduksjonar. Det ligg som ei klam hand over meldinga at norsk oljeeksport ikkje skal koplast til global oppvarming.

Klimaplan har nokre positive element, det skal seiast. Det er positivt at det blir lagt opp til ein vesentleg auke i CO2-avgifta. Det er vidare positivt og heilt naudsynt at ein tek sikte på ei årleg oppfølging med rom for justeringar viss ein er på feil kurs. Besteforeldrenes klimaaksjon meiner likevel at meldinga har store manglar.

2030-måla verkar urealistiske. Regjeringa seier at dei legg opp til ca. 50 % reduksjon i norske utslepp i 2030. Men utsleppsmåla i klimameldinga peikar mot berre 40 % reduksjon samla for kvotepliktig og ikkje kvotepliktig sektor. Vi minner om at ambisiøse målsettingar i tidlegare klimaforlik ikkje har blitt nådd. Finansiering av tiltak i statsbudsjettet for 2021 peikar mot 21 % reduksjon i 2030.

Noreg ligg allereie langt etter EU med nødvendige klimatiltak. Regjeringa seier vi skal følgje EU, men ser bort frå at EU har redusert utsleppa med 24 % sidan 1990. Norske utslepp har gått ned 2,3 %, mykje pga. importert palmeolje til biodiesel. Nordmenn må ta ansvar for sitt globale karbonavtrykk, og sine indirekte utslepp men klimameldinga legg ikkje opp til det.

Parisavtalen hindrar ikkje katastrofal global oppvarming. Regjeringa gir inntrykk av at dagens Parisavtale vil berge oss frå klimakrisa. Men det er dessverre fortsatt svært stor avstand mellom innmeldte tiltak i Parisavtalen og 1,5 gradersmålet. Med dagens innmeldte tiltak går verda mot 3,2 grader gjennomsnittleg global oppvarming.

Olja kan leve fredeleg og lenge i kvotepliktig sektor. Meldinga har fokus på ikkje-kvotepliktig sektor. Kvotepliktig sektor står for ca. 50 % av norske utslepp, og her skal vi kjøpe oss fri med klimakvoter. Equinor kan fortsette på det fossile sporet og tvilsame prosjekt står i kø: Oljeleiting og utvida produksjon i Arktis, utviding av tungoljeproduksjonen i Brasil, fracking i Argentina, og dei har enno ikkje gitt opp Lofoten.

Norsk olje- og gasseksport er tabu. Norsk oljeeksport medfører globalt 10 gonger våre nasjonale utslepp. Klimameldinga ser heilt bort frå dette, og vi skal tydelegvis ikkje ha noko medansvar for skadeverknadene for klima og miljø og for framtida til barna våre.

Vi grønvaskar olja med hydrogen og elektrifisering av plattformar. Regjeringa skal satse på hydrogen, og det ligg i korta at dette er hydrogenproduksjon frå gass med karbonfangst og lagring. Dette vil svekke satsinga på utsleppsfri hydrogenproduksjon med elektrolyse og binde hydrogensatsinga til oljemasta i lang tid.

Viktig fornybarsatsing vert misbrukt. Karbonutsleppa i oljeproduksjonen skal reduserast med elektrifisering frå land eller havvind. Havvindenergi frå Hywind Tampen skal brukast til å få opp meir olje frå etablerte oljefelt. Gassen som blir spart, skal eksporterast og brennast ein annan stad utanfor det norske klimaregnskapet. Globalt sett betyr det null og niks.

Karbonfangst (CCS) kan ikkje kompensere for fortsatt fossil energibruk. CCS kan bli viktig for å reinse t.d. sement og avfallshandtering. Det vil likevel sprenge alle praktiske og økonomiske rammer å reinse utsleppa frå olje og gass med dagens forbruk. Vi kan heller ikkje bygge opp enorme karbonlager som våre etterkomarar må passe på nærmast til evig tid.

Meldinga hoppar over vanskelege transportspørsmål. Elbil-satsinga er i utgangspunktet positiv. Den norske klimareknskapen gir likevel ikkje eit rett bilete av miljøbelastninga og karbonavtrykket ved elbil-bruken. Nye motorvegar, parkering, asfaltslitasje og svevestøv held fram som før. Produksjon og transport av elbilar medfører store utslepp. Det står lite om jernbanesatsing – som er vår mest energieffektive transportform, og ingenting om ny rullebane på Gardermoen – som er ein plan for å utvide den mest klimaøydeleggjande transportforma.

Vekst og forbruk er ikkje tema i meldinga. Klimaplanen legg opp til auka CO2-avgift. Det er bra, men samstundes skal andre avgifter reduserast tilsvarande. Då er det vanskeleg å sjå korleis forbruket skal minke. Vi må redusere offentleg og privat forbruk vesentleg for sikre rom for aukande og berekraftig velstand i fattige land.

Så kva skulle vi gjort? Besteforeldreaksjonen meiner at vi skal la olja ligge, erkjenne klimakrisa og Norges ansvar, støtte fossilfri energiproduksjon i utviklingsland, satse tungt på jernbane, redusere flytrafikken, ta ansvar for våre faktiske utslepp og innføre mykje større og progressive avgifter på utslepp og forbruk av naturressursar. Dette må sjølvsagt følgast opp med god fordelingspolitikk som hindrar større ulikeheit i samfunnet.

Og framfor alt:  Ta ansvar og forstå at vi ikkje kan utsette komande generasjonar for risiko for ukontrollerbar global oppvarming. Våre barn må ikkje få jobben med å rydde opp etter oss.

Spre klimavett,
del denne saken!

3 kommentarer

  1. Linda Rundquist Parr | 15.01.2021

    Klimameldingen er dermed avkledd som utilstrekkelig for å komme dit vi skal med klimamål i 2030 og som nullutslippsnasjon i 2050. Nå gjenstår Stortingets behandling. Kronikken til Alf og Ola er en oppskrift for partiene som virkelig vil satse på å nå klimamålene.

  2. Alf Holmelid | 16.01.2021

    Eit veldig bra innlegg. Det er viktig å få fram vårt ansvar for klimaeffekten av det vi importerer og det vi eksporterer. Utan eit slikt perspektiv kan vi fortsette å auke forbruket dersom vi importerer det som skaper utslepp.

    Men eg har ei lita innvending når det gjeld omtalen av elektrifisering av oljeinstallasjonar. Det finst gode grunnar til å vere i mot. Fornybar energi er førebels ein knapp ressurs som vi treng på mange område. Men eg meiner det blir feil å seie at elektrifisering ikkje har klimaeffekt fordi den gassen som blir spart, blir seld og forbrukt. Forbruket av gass er i hovedsak styrt av etterspørsel, og etterspørselen aukar ikkje om vi elektrifiserer. Med eit gitt forbruk reduserer vi dei totale utsleppa ved å redusere utsleppa i produksjonen. Eg har skrive grundigare om det her:
    https://energiogklima.no/kommentar/klimatiltak-eller-politisk-press-fra-equinor-eller-begge-deler/

    Beste helsing
    Alf Holmelid

  3. Gro Nylander | 02.03.2021

    Dette er solide argumenter og fakta. Da mener jeg Ola og Alfs skriv, IKKE klimameldinga.
    Lettlest og -forstått.
    :-))) Gro N

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*