Berekraftige arbeidsplassar

melkøya
Melkøya utenfor Hammerfest 1. januar 2020. Foto: Lars Bjørn Mehus

Dei mange arbeidsplassane er kronargumentet til dei som ivrar for auka oljeaktivitet i nordområda. Men forventningane er sterkt overdrivne, syner ein kronikk i Nordlys. I Nord-Noreg er langt fleire arbeidsplassar knytt til fiske og fiskeindustri enn det som nokon gong vil kome i olja. Det er dette og anna berekraftig arbeidsliv det må satsast på.

Klimaet og arbeidsplassane
Av Ingunn Elstad og Asbjørg Fyhn,
for styret i Besteforeldrenes klimaaksjon Arktis, Tromsø og omegn.

Klimaendringane kjenner ikkje grenser. Norsk olje- og gasseksport gir ti gongar større globale utslepp av klimagass enn utsleppa i Noreg, opplyser Besteforeldrenes klimaaksjon. Noreg er den sjuande største eksportøren i verda av CO2-utslepp frå olje.

Kutt i norsk oljeeksport vil minke dei globale utsleppa
Mange er skuffa over at regjeringa leverte ei klimamelding utan plan for utfasing av olje- og gassproduksjonen. Besteforeldreaksjonen konkluderer at Noreg ikkje tar medansvar for skadane på klima og miljø, og for framtida til barna. No planlegg seks portugisiske barn og unge søksmål for den europeiske menneskerettsdomstolen – seks av millionar som har opplevd katastrofebranner og ekstremvarme dei siste åra. Dei fryktar framtida, og vil saksøke statar som lar vere å kutte utsleppa. Noreg er ein av dei. Meir enn tusen slike klimasøksmål blir reist rundt i verda, meldte NRK Urix i september.

Kutt i norsk oljeeksport kan gi reell reduksjon i CO2-utsleppa globalt. Det har noko å seie for heile kloden kva Noreg gjer, og det må alle politiske parti ta inn over seg. Eit tverrpolitisk engasjement er nødvendig. Over halvparten av nordmenn meiner at vi må slutte å leite etter olje i Arktis, på grunn av klimaet og den sårbare naturen. Over tre fjerdepartar av dei unge, som skal leve med klimakrisa, vil ha stans i oljeleitinga. Vi eldre må støtte dei.

Baklengs inn i framtida
Norsk oljesatsing har kort tid på seg. Den internasjonale omstillinga bort frå fossil energi går mykje fortare enn for berre eitt år sidan. Dei nye klimamåla til EU vil gjelde for Noreg gjennom EØS. Oljeprisane vil falle, snart eller på litt sikt. Likevel kjører Noreg for fullt bakover. Olje-og energiministeren lyste ut leitelisensar i april og november 2020. Den 19. januar i år vart 61 tillatingar delt ut, nokre ved Lofotodden og i Barentshavet. Det går i eitt. Fleire utlysingar er varsla til våren.

125 av blokkene som vart lyst ut i november, ligg nord for Troms og Finnmark, i Barentshavet, som ikkje er mindre viktig enn Lofoten. Her lever og vandrar torsk, hyse, lodde, reker og sild. Seismikkskytinga under leiteboringa vil skremme og skade fisk og yngel. Forskarar på Polarinstituttet oppfordra til å halde leiteboringa så langt sør som muleg, sidan iskant-sonen er spesielt viktig for dei mange artane i havet, men vart ikkje høyrt. Barentshavet, som gir rom for liv og mat til kommande generasjonar, skal overlatast til oljeinteressene. I søre del av Barentshavet er det mellomstore Johan Castberg-feltet under utbygging, rett nok forseinka og med milliardoverskridingar. Finn dei olje, blir han ikkje ført i land. Lisensane gir oljeselskapa einerett til undersøking, leiteboring og utvinning i området, og eigedom til oljen som blir produsert. Den økonomiske risikoen for selskapa er liten, sidan leiteboringa blir støtta av staten med gunstige skatterefusjonar, som vart utvida våren 2020.

Argumentet er arbeidsplassar
Noreg har elleve tusen milliardar i Oljefondet. Så korfor er olja viktigare enn livet i havet, og viktigare enn det globale klimaet? Argumentet er arbeidsplassar. Olje- og energiministeren har forklart at nye leiteareal og funn kan bidra til å oppretthalde arbeidsplassar. Ho hevda i  november at olje- og gassnæringa omfattar 200 000 arbeidsplassar i Noreg. Statistisk sentralbyrå oppgav 140 000 arbeidsplassar i 2017 i utvinninga og leverandørindustrien til saman, dei fleste i Rogaland og Hordaland. Talet omfattar også dei utanlandske arbeidarane som blir brukt av innleigde leverandørselskap.

NHO spådde for femten år sidan at olje-og gassnæringa ville gi Nord-Noreg ti tusen arbeidsplassar. Det er ikkje lett å finne det verkelege talet. Kor mange av dei tilsette bur og skattar i landsdelen? Under brannen på Melkøya vart det sagt at det var stor gjennomtrekk av tilsette. Kor mange har kortvarige oppdrag, kor mange har fast jobb? Erlend Svardal Bøe, Høyres førstekandidat i Troms, hevda i «Nordnorsk debatt» 17. november at petroleumsaktiviteten i nord gav sysselsetting på 3400 årsverk i 2019. Han viser til «Levert-rapporten», utgitt av Kunnskapsparken i Bodø. Rapporten oppgir faktisk berre halvparten: olje- og gassutvinninga og leverandørindustrien i Nord-Noreg stod til saman for 1749,5 årsverk i 2019, både lokal og «innpendla» arbeidskraft. Den innpendla delen av arbeidskrafta er aukande, og omfatta 45 % av dei oljerelaterte årsverka i Finnmark 2019. Talet på lokale petroleumsrelaterte årsverk i fylket var 468 i 2019, og har ikkje auka stort sidan 2013. «Levert»-rapporten viser i alt 1166 lokale petroleumsrelaterte årsverk i Nordland, Troms og Finnmark i 2019, både faste og kortvarige jobbar.

Nord-Noreg er ikkje avhengig av olje og gass
Vi har høyrt om problem med rekruttering til fiskaryrket. Statistisk sentalbyrå oppgir at 1188 personar i Finnmark hadde fiske som hovudyrke i 2019. Dette er lokale arbeidsplassar, og omfattar ikkje foredling, leveransar til fiskeria, eller fiske som attåtnæring. Tala lar seg ikkje samanlikne direkte, men 4315 personar i dei tre fylka hadde fiske som hovudyrke, altså fire gongar dei lokale årsverka i olje, gass og leverandørindustri i landsdelen.

Ein studie frå Handelshøyskolen viste sterk nedgang i arbeidsplassar i leverandørindustrien i heile landet (Eirik Vatne,  NHH: SNF-rapport 01/18). Nord-Noreg hadde eit lågt tal arbeidsplassar i leveransar til olje og gass, og her var mange av leverandørbedriftene ikkje einsidig avhengige av olje- og gassnæringa. «iTromsø» opplyste 18. september 2020 at dei 39 bedriftene i Troms som leverer til oljesektoren berre får 16 % av inntektene sine frå oljenæringa, og desse leveransane minkar. Resten av inntektene får bedriftene frå andre næringar, som havbruk, fiskeri og skipsfart. Dei har fleire bein å stå på.

Arbeidslivet i landsdelen er ikkje avhengig av olje og gass. Men det er arbeidsplassar som krev ei planlagt omstilling, som kan sikre bærekraftige, faste jobbar og utnytte kompetansen. Det er eit statleg ansvar, og det hastar. Mange arbeidsfelt og næringar i nord kan utvikle seg dersom forholda blir lagt til rette. Det har Noreg råd til når staten sluttar å subsidiere oljeleitinga.

Spre klimavett,
del denne saken!

2 kommentarer

  1. Nina Weidemann | 26.01.2021

    Et viktig og godt underbygget innlegg!

  2. Ola Dimmen | 27.01.2021

    Tusen takk for ein veldokumentert og opplysande kronikk. Den  synleggjer triksing med tall og oppskrytte løfter og anslag for kva velsigningar olja skal tilføre Nord-Noreg.  Viktige argument for å tilbakevise propaganda frå oljelobbyen fram mot valget. Kronikken går rett i arkivet til seinare bruk!

     

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*