Frå ureiningstopp til grøn kommune

sentralbadet odda 2
Debatt- og kulturarena i Odda: Litteraturhuset held til i det gamle sentralbadet for no nedlagt storindustri.

Frå nyttår vert Hardanger-kommunane Odda, Ullensvang og Jondal slått saman til ein ny storkommune med namnet Ullensvang. Noko av det første dei skal til med, og vedta i 2020, er ein klima- og miljøplan. Kva skal til for at dette ikkje berre vert vakre ord på eit papir? Det var temaet då Besteforeldreaksjonen inviterte partia til klimadebatt i Litteraturhuset måndag kveld. Samtlege listetoppar deltok.

Halfdan Wiik frå Besteforeldreaksjonen ønskte dei vel 60 frammøte velkomne: – Odda er ein stad som har fått oppleve klimaendringane på kroppen, med katastofeflaumen i 2014. Då vi fekk fylkets sin miljøpris i år, ville vi bruke pengane til å setje fokus kva som kan gjerast for å unngå meir av det same i framtida. Difor er vi her i dag. På ein stad som også har tradisjon for kollektiv handling når det trengst!

Utfordringar i industrien
Sørfjorden var i si tid rekna som ein av verdas mest ureina fjorder, med store giftutslepp frå dei gamle industriverksemdene i Odda («Karbiden» og «Sinken»), men òg frå fruktdyrkinga lenger ut i fjorden, den gongen ein trudde at DDT og andre klorerte hydrokarbonar var mirakelmiddel i kampen mot skadegjerarar.

I dag er mykje av dette historie. Den mest forureinande verksemda i dag er ilmenitt-smelteverket i Tyssedal med sine store CO2-utslepp, – 300.000 tonn i året og Norges største punktutslepp. Dei er no i gong med å utvikle ein ny teknologi for å drive prosessen med hydrogen i staden for som no, med kol. Målet er å doble produksjonen, redusere utsleppa med 90 prosent og energieffektivisere med 60 prosent.

Offensive planar
Politikarane som stilte til debatt var tydeleg stolte over framstega, og samtlege av dei (med eit lite unnatak for FrP-representanten, som meinte dette med global oppvarming ikkje er beviseleg) ga uttrykk for ei offensiv haldning til å gå vidare og bli ein grøn føregongs-kommune på Vestlandet. Det var einigheit om at det viktigaste verkemiddelet vil vere at Ullensvang får eit eige klimabudsjett, slik ein har byrja med i m.a. Oslo.

Eit slikt budsjett viser tiltak som gjennomførast eller planleggjast for at kommunen skal nå sine klimamål og bli ein lavutslippskommune. Eit vanleg budsjett har ei øvre ramme for kor mykje pengar som kan brukast. På samme måte viser eit klimabudsjett ei øvre ramme for kor mykje klimagassar som kan sleppast ut. Klimabudsjettet vert lagt fram saman med det ordinære kommunebudsjettet, og forankrast på leiarnivå i kommunen.

Debatten i Sentralbadet Litteraturhus var streama av Hardanger Folkeblad, og kan følgjast her: https://www.hardanger-folkeblad.no/se-opptaket-partiene-mottes-til-klimadebatt/v/5-22-214872 Debattleiar Heidi Ryste frå Odda Næringshage, med dei to innleiarane: professor ved Bjerknessenteret Helge Drange og klimaformidlar Hilde Holdhus.

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Finn Bjørnar Lund | 28.08.2019

    Imponerande vel gjennomført arrangement som syner at vi i BKA og kan gjere praktisk nytte i lokalsamfunna! Bravo Hordaland!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*