Besteforeldrene vil ha klimavalkamp

besteforeldrene-nordre-2

Foto: Anne Grete Torwick

Laurdag 22. oktober: Med song og musikk på Nordre gate og utdeling av ny folder markerte Besteforeldrene i Trondheim opninga av den lange valkampen – fram mot dei dei vonar skal bli eit klimaval i 2017. Gitarist og sjefsaktivst Ola Dimmen er godt nøgd med responsen, og seier han har inntrykk av at mange skjøner at vi ikkje kan halde fram i same sporet som før. Politikarar som gjer det, gamblar med både klimaet og pengane våre. Oljesatsinga vert stadig meir risikofylt, økonomisk og økologisk. Barentshavet kan medføre gigantiske feilinvesteringar og tap for fellesskapet. Denne bodskapen har vi tenkt å hamre inn!

«Klimavalg 2017»
Politikarane må ikkje sleppe unna å bli konfronterte med sine standpunkt og det som kan bli konsekvensane, understreker Ola Dimmen. – Det gjeld ikkje berre dei store partia, jamvel småparti som Venstre og KrF går inn for storstilt norsk oljeverksemd i mange tiår framover. Sjølv om dei må vite at 1,5 gradersmålet frå Paris-avtalen vert umogleg å nå dersom andre land skulle følge same lina som Noreg.

– Eg veit sjølvsagt ikkje kva som rører seg internt i partia. Men eg har ei kjensle av at det gjærar og kokar fleire stader, og at klimarørsla har mykje å hente om vi greier å samle oss til felles innsats. Saman med med folk på grasrota i partia og med eit aukande press nedanfrå kan Lofoten endeleg bli verna, slik óg fleire store LO-forbund går inn for. Den ulne både-óg-retorikken held ikkje lenger. Fisk er viktigare enn olje, sånn er det berre. Og oljeplanane i Barentshavet må berre leggjast vekk – viss ein vil halde fram med å snakke om det grøne skiftet. 23 og 24 konsesjonsrunde er i røynda eit veddemål mot at verda lukkast i å begrense klimaendringane.

I Trondheim ventar dei spent på kva Klimavalgalliansen vil ende på som strategi fram mot valget. Eller rettare – dei er utålmodige og orkar eigentleg ikkje vente. Med sin nye folder har dei ganske enkelt sett i gong med noko dei vonar skal vakse og gro og bli til ein stor nasjonal kampanje: «Klimavalg 2017»! Vi klarte å få med over hundre organisasjoner for fire år sidan, og det skulle vere rart om vi ikkje fekk det til denne gongen, når vi veit så mykje meir om kva som må til for å tygge framtida for barna våre, seier Ola Dimmen

Sjå folderen til Besteforeldrene i Trondheim 

klipp-lopeseddel

besteforeldrene-nordre-1

 

 

 

1kommentar

  1. Harold Leffertstra | 24. okt 2016

    Kjempebra levert av Besteforeldrene i Trondheim. Og fin artikkel. Ja, enig budskapet må hamres inn. Stadig flere innser at leting etter NYE fossile reserver er helt bak mål når 80 prosent av KJENTE fossile reserver må bli liggende for å nå Parisavtalens klimamål. Denne begrensningen gjelder også Norge. Det er imidlertid fortsatt mange som faller for argumentet om arbeidsplasser og inntekter. Derfor må vi få fram at investering i leting etter olje og gass har en stor økonomisk risiko – også for fellesskapets midler.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*