Ein farlig idé frå Amerika

Ei «fossil nedsalsbølgje» brer om seg i USA, etter initiativ frå den kjende miljøforkjemparen Bill McKibben. Store universitetsfond, kyrkjer og kommunale pensjonskasser trekkjer milliardar av dollar ut av olje- og kolindustrien. Deira interesser er på kollisjonskurs med kloden sine interesser, meiner m.a. ordføraren i Seattle, Mike McGinn: «Byen vår ønskjer å vise leiarskap i arbeidet med å skape ein ny modell for livskvalitet, miljømessig bærekraft og økonomisk suksess.» Les meir om McKibbens kampanje i Energi og Klima, der Lars-Henrik Paarup Michelsen spør: «Finst det ein norsk McGinn?»

Spre kunnskap –
del denne saken!