Kva skal vi gjere med framtida?

Vel tjue år etter han erobra verden med historia om Sofie, presenterer Jostein Gaarder ein ny ung helt: Anna. Trass i at dei liknar kvarandre, er forskjellane mest interessante, skriv NRKs Marta Norheim om Jostein Gaarders ungdomsbok «Anna. En fabel om klodens klima og miljø» (Aschehoug 2013). Både Anna og Sofie er unge, nysgjerrige og idealistiske jenter som tumlar med store spørsmål om livet og verda. Sofie fann eit brev i postkassa med det sokratiske spørsmålet «Hvem er du?», mens Anna går rett på sak og spør «Hva må gjøres?». Anna vil berge kloden. Det vil Jostein Gaarder også, og i denne boka står han fram som ein ekte tendensdiktar. Kan det bli bra litteratur av slikt?

Framtidas raseri mot oss

16 år gamle Anna er opptatt av miljøvern. Ho har også ein livleg fantasi, og med den gjer ho ei tidsreise 70 år inn i framtida. Der møter ho oldebarnet sitt, Nova. Nova er sinna på oldemor si. Fordi Annas generasjon ikkje tenkte lenger enn sitt eige liv, må Nova bu på ein utarma klode i 2086: Dei fossile energikjeldene er oppbrukt, menneskeskapte klimaendringar er irreversible, havet stig, klimaflyktningane trekkjer nordover, plante- og dyreartar forsvinn i raskt tempo. Nova veit det for ho har ein app på mobilen som melder frå kvar gong ei art døyr ut. Den pip rett som det er.

Eit lærestykke

Forfattaren er ikkje redd for å skolere oss, og legg nokså komplisert informasjon i munnen på 16-åringane. Her er ingen forsøk på å skjule peikefingeren, og bak i boka finst ei liste over nettstader å oppsøkje for den som vil vite meir. Tida for undring over gåtene i universet og i menneskesinnet er forbi, no gjeld det å berge stumpane. Spørsmålet er «Hva må gjøres» og Anna og dei andre er kleshengarar som Gaarder hengjer svara sine på.

Igjen: Kan det bli bra litteratur av slikt? Eg meiner ja.

Ingen dystopi

Det finst talrike rapportar om kva som er i ferd med å skje. Forskjellen på desse rapportane og romanen om Anna, er at romanen tek oss dit, til framtida, og konfronterer oss med ein 16-åring som har god grunn til å vere sinna på oss. Det er ei effektiv lekse Anna og lesaren lærer på denne tidsreisa. Forfattaren har skapt eit konkret bilde av kloden og livet her kan sjå ut om 70 år, dersom vi held fram som vi stemner. Det er dette bildet som sit att. Denne romanen er ingen dystopi, han er ein prognose. Kva er eigentleg gale med tendensdikting?

(fra nettsidene til NRK Kulturnytt, gjengitt med tillatelse fra Marta Norheim)

Spre klimavett,
del denne saken!