Grønt skifte nedanfrå

peter m stordFramtida er elektrisk. Den norske satsinga på olje og gass frå Barentshavet, med planar om utvinning i fleire tiår etter 2050, er ute av takt med det som skjer i verda. Vi risikerar å bli parkerte av den teknologiske utviklinga og kan bli sitjande att med store økonomiske tap, sa professor Peter Haugan frå Bjerknessenteret for klimaforskning, på eit godt besøkt kveldsmøte i Os i Hordaland 27 oktober. Det var arrangert av Besteforeldreaksjonen som del av klimadugnadsdagen i kommunen. Frammøtte politikarar og andre interesserte deltok aktivt i debatten om kva ei fossilfri framtid kan bety for lokalsamfunnet og lokale prioriteringar.

KrF sin representant i debatten la vekt på at vi trenger litt press for å endre våre klimaskadelige vaner.

SP sin representant la vekt på at vi trenger litt press for å endre våre klimaskadelige vaner.

Stemningsskifte 
Etter formiddagsmøter med elevane på dei vidaregåande skulane i kommunen, og stand på kjøpesenter, var leiar for Besteforeldreaksjonen i Hordaland, Thelma Kraft, spent på kor mange som ville dukke opp på folkemøtet om kvelden. – Eg er så imponert over at 30-40 mennesker kom og brukte over to timar saman med oss! Men fokuset på handlingsalternativer og gode løysingar som mange kan bidra til, var nok det som skulle til. Den gode debatten til slutt, med representanter for politiske parti, lovar godt for framtida og viser at det er eit stemningsskifte på gang. Det var sjølsagt litt skuffande at vi ikkje fekk med oss dei store partia. Men eg tenkjer at dei vil kome etter kvart. Det tek berre litt meir tid, fordi dei er så sterkt knytt til tradisjonelle interesser og måter å tenkje på.

Også Gunnar Kvåle som bur i Os og har vore aktiv i klimadebatten i mange år, var godt nøgd med dagen. – Det er mykje tomt prat om «det grøne skiftet» for tida. Men mange fleire enn før har skjønt at fossilalderen går mot slutten, og at vi må reorientere oss jo før jo heller. Det som kanskje er litt overraskande, er at det kan synast som det skjer meir nytenking lokalt og ute i kommunane, enn det gjer blant toppolitikarane på Stortinget. Også eg synest den avsluttande debatten med lokalpolitikarane var svært god. Det var i det heile kjempeflott at vi fekk denne gode koblinga mellom klimaekspertar og dei som driv fram endringar på grasrota. Det er vel ikkje ofte eg er spesielt stolt over å vere osing, men denne kvelden var eg verkelig det!

Frå Os- og Fusaposten laurdag 29. oktober

of-forsidebilde

Forfatter: ØYSTEIN LID

Bodskapen frå siviløkonomar, professorar og lokale eldsjeler var klar: – Det grøne skiftet kjem med stormsteg, og dei som tviheld på fossil næring, vil tapa både terreng og pengar.

– Eg har høyrt at de osingar er flinke med pengar. Då må de sjå og gjera kommunens investeringar på børsen fossilfrie så snart råd er, sa siviløkonom Per Hjalmar Svae.  Han har undervist i samfunnsøkonomi ved Handelshøyskolen BI i ei årrekkje, og var ein av føredragshaldarane Kløvertun torsdag kveld, arrangert av Besteforeldrenes klimaaksjon.

Han viste til forslaget i komande transportplan (NTP) om at bensin- og dieselbilar skal fasast ut i 2025. – Om 10 år sluttar salet av fossil-bilar. Mongstad kjem til å bli lagt ned om 15 år. De kan ikkje ha pengar i slikt. Flytt pengane over i fornybar energi i staden, sa Svae.

– Elbilane utkonkurrerer bensinbilar
Som miljøkoordinator i Hordaland fylkeskommune fekk Svae mykje av æra for at fylket ligg heilt i front når det gjeld elbilar, og utbygging av ladestasjonar over heile fylket. Han rådde Os kommune til å kjøpa fleire elbilar.

– Med dagens teknologi har elbilane ei rekkevidde på rundt 20 mil, og Svae la til at i 2025 vil bilane ha rundt 50 mils rekkevidde. Då stoppar fossilbil-salet. Rett og slett fordi elbilane er betre bilar, spådde siviløkonomen.

Han viste vidare til den store diskusjonen i kommunestyret i Os for eit par år tilbake, då spørsmålet var om elbilar verkeleg er meir miljøvenleg eller ikkje. Særleg pga. større ureining ved produksjonen av batteria, enn ved konvensjonelle bilar. – Eg kan roa dykk ned med at dei auka miljøkostnadene ved produksjon av elbilar, er tent inn att etter seks månader. Etter det er det rein netto i 15-20 år. Og det på ein amerikansk energi-miks. Her i Noreg med 98 prosent fornybar energi på «tanken», går det endå raskare, sa Svae.

oppslag-of

Professor: Sol-energi nok til verdas straumforbruk
Os kommune fekk skryt for å vera i front når det gjeld solcelle-panel på kunst- og kultursenteret Oseana. Professor Peter Mosby Haugan har forska mykje på fornybar energi, og fortalde om dei enorme framstega som er gjort på feltet solcelle-teknologi dei siste åra.

– Ofte høyrer du at me ikkje greier oss utan energi frå fossile kjelder. Det stemmer ikkje. Energi frå solcelle-panel åleine, er nok til å dekkja heile verdas energibehov, sa Haugan.

Han viste til eit reknestykke som viser kor stort eit enkelt solcelle-panel måtte vera for å gje nok straum til heile verda. Det måtte vera på storleik med 3,5 prosent av Sahara-ørkenen.

– Spørsmålet er ikkje lenger om det lønner seg med solcelle-energi eller straum frå andre fornybare kjelder. Spørsmålet er om det løner seg å tillata bruk av fossilt brensel. Svaret er faktisk nei, sa Haugan, og viste til dei enorme kostnadene frå CO2-utslepp.

– Prisen på solceller fell med 20 prosent for kvar dobling i volum. Snart kan heile verda få like billeg straum som Noreg får på vasskraft, sa professoren. Han starta sjølv si karriere innan oljesektoren, men no har Haugan nådd fram til ståstaden at Noreg bør slutta å forska på olje og fossile brennstoff, og heller bu seg på den grøne framtida.

Frå det internasjonale til det ultra-lokale
Frå dei store linjene knytt til lovendringar i miljøvenleg retning og korleis marknadskreftene gradvis vert innstilte på ei grøn omstilling, fekk tilhøyrarane i Kløvertun også høyra om det meir regionale og lokale. Den relativt nystarta organisasjonen Berekraftige liv på Os presenterte seg og sitt arbeid.

– Me ser på oss sjølve som igangsetjarar. Når nokon får ein miljøvenleg idé lokalt, legg me til rette for at ideen kan gjennomførast. Det kan handla om alt frå lokal matauk til kles-gjenvinning, fortalde Marny Strømland. Dei har mellom anna arrangert sopp-tur, «spis min hage» og vedhogst.

– Det finst dei som har meir bær enn dei treng, og dei som ikkje har hage. Og mange treng ved utan å ha tilgang til skog. Vår jobb består då i å kopla i hop dei to partane, fortalde Strømland. Ho viste vidare til resirkulerings-prosjektet Kleskarusellen dei arrangerer 5. november, og nemnde også at dei framleis er på utkikk etter ei tomt for å etablera parsellhage.

helene-osNæringslivet blir grønare
Helene Frihammer frå Klimapartnarsamarbeidet i Hordaland viste til at Bergen kommune nyleg har vedteke at Bergen skal bli fossilfri innan 2030.

– Kan dette vera eit mål også å setja i Os, spurde ho. Ei rekkje verksemder har gjennom medlemskap i Klima- partnarane forplikta seg på ei miljøvenleg utvikling. Frihammer nytta transportselskapet ASKO som døme.

–  Dei har lagt ein visjon om fossilfri transport innan 2020. Dei fasar inn ulik teknologi så snart han er klar for å nå dette målet. Elektriske trailerar, hydrogentrailerar og bio-diesel er blant teknologiane dei prøver ut, sa Frihammer, og oppfordra verksemder også i Os om å ta kontakt.

Kommunalsjef Aina Tjosås i Os kommune kommenterte at ulike verksemder ikkje gjennomfører dei ulike miljøtiltaka fordi dei er så snille og edle, men fordi det lønner seg. – Når Avinor installerer eit enormt solcellepanel, trur ikkje eg det er fordi dei er så gysla opptekne av miljøet. Dei er opptekne av å tena pengar, samtidig som dei aukar renommeet sitt, sa Tjosås.

I sitt føredrag viste ho til at nye hus bygde i kommunal regi, som Os Asvo sitt nybygg, er bygt i passivhus-standard. At den siste oljefyren no er på veg ut, var eit anna døme ho tok fram for å visa at Os kommune har fokus på miljøet. Ikkje minst var visjonen (som ikkje er vedteken enno) om å gjera lyseparken til ein grøn Silicon Valley, ein bodskap som gjekk rett heim hjå den miljømedvitne lyttarskaren

Ein telefon til Kåre Willoch
Ei rekkje moment med politiske implikasjonar var framme i løpet av kvelden. Men mannen som starta Besteforeldrenes klimaaksjon for 10 år sidan, Halfdan Wiik, la vekt på at dei ikkje posisjonerte seg partipolitisk.

– Dette handlar ikkje om høgre eller venstre. Det dreier seg om sunt bondevit. Då eg tok initiativet for 10 år sidan, var noko av det første eg gjorde å ringa til Kåre Willoch. Han sa umiddelbart ja til å vera med på oppropet vårt, fortalde Wiik.

Han viste vidare til at mannen bak handlingsregelen, Hermod Skånland, også raskt melde seg. –  Alle opplyste menneske veit no at dersom me held fram med ureininga vil temperaturen stiga meir og meir på jorda, og det vil gje oss ei heil rekkje uheldige konsekvensar. Dette har me visst i mange tiår, og vårt poeng er å få folk ut av den handlingslamminga me har sett, sa Wiik.

Han streka under at sjølv om alvoret i situasjonen ligg under, er det viktig å ikkje prøva å gje folk dårleg samvit. – Dårleg samvit er noko av det minst produktive som finst her i verda. Me har ikkje lov å vera pessimistar.

mote-os

 

 

Spre klimavett,
del denne saken!

3 kommentarer

  1. Finn Bjørnar Lund | 29.10.2016

    Dette var en oppløftende nyhet om mobiliseringa i OS! Fantastisk hva der får til i Hordaland.

  2. Nina Weidemann | 29.10.2016

    Inspirerende presentasjon av innleggene til sterke fagfolk som Kvåle, Svae og Haugan – og spennende å høre om lokale klimatiltak i Os kommune. Godt jobba, BKA i Hordaland, vi må bare stå på over hele landet!

  3. Berit Gjørtz | 02.11.2016

    Dette ble jeg glad av å lese. Godt jobba!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*