Heilheitleg omstilling

solenergi ETF

På fem år har investeringane i fornybar energi gått ned med 40 %, medan dei i olja har auka med 16 %, viser ein rapport som BKA legg fram i dag. – Det skulle sjølvsagt vore omvendt, seier Ola Dimmen, som har leia arbeidet. Men like viktig som tempo, er at omstillinga er heilheitleg, dvs. vi må løyse klimakrisa utan å forverre naturkrisa.

Hovudkonklusjonar i rapporten er at vi må:
  • redusere global oppvarming og kutte norske og globale utslepp dramatisk
  • avvikle fossil energiproduksjon og hindre global klimakatastrofe
  • mangedoble fornybar, lokal energiproduksjon som ikkje skadar natur
  • unngå energikrise i Noreg med energisparing og meir effektiv energibruk
  • ta vare på naturen, vårt største karbonlager
  • styrke sjølvforsyning og beredskap med lokal energiproduksjon
Alternativ til miljø- og naturøydeleggjing

Ola Dimmen seier det er skapt ei forestilling om energikrise, der det hastar med å byggje ned meir natur for å kunne levere all den straumen som trengs for ei grønn omstilling. «Mer av alt – raskere». som var tittelen på utredninga frå regjeringas energikommisjon som var lagt fram i vinter.
– Men dette kjøpar vi ikkje. I eit normalår har Noreg eit bra kraftoverskot. Det trengs noko meir på sikt. Men den grunnleggjande forutsetninga for ei så stor auke i kraftbehovet som Energikommisjonen snakkar om, er ein stadig og ustoppeleg vekst. Transportvekst og vegutbygging skal halde fram, olje- og gassverksemda skal få straum frå fastlandet, eksisterende industri skal elektrifiseres, i tillegg til at det vert etablert nye batterifabrikkar, hydrogenfabrikkar og datasentra. Hytter, hus og kjøpesentre skal berre auke og auke, medan satsing på energieffektivisering og sparing er ganske beskjeden.
– Det som likevel er viktig, er at BKA ikkje berre seier «nei, nei og atter nei», men at vi kan vise til alternativ. Alle er interessert i gode forslag, og størstedelen av rapporten presenterar ulike former for energiproduksjon og sparing som i sum kan frigjere store mengder straum, – utan øydeleggjande naturinngrep. Difor har vi ikkje tatt med vindkraft. HÖg heller ikkje havvind, som også krev store inngrep, og der konsekvensane enno er lite kjende.

Positive døme på teknologiar som kan rullast ut raskt og effektivt:
  • Solkraft, m.a. i kombinasjon med varmelagring i fjell.
  • Flytande solceller er òg eit alternativ. Med hydrogenproduksjon t.d.
  • Biogass frå gjødsel, matavfall, planterestar, avløpsslam, fiskeslam og anna.
  • Biokol frå skogbruk, jordbruk eller algeproduksjon, med innblanding i jord.
  • Grunnvarme (bergvarme) og geotermisk elkraftproduskjon.
  • Sjøvarme, m.a. i kombinasjon med varmpepumpe.

I tillegg til dette må vi satse stort på energisparing og effektivisering, understrekar Ola Dimmen. – Vi må i det heile tenkje energibruk på ein heilt anna måte enn i dag. Det gjeld ikkje minst i transportsektoren, som står for 30 % av klimautsleppa i Noreg. Vi veit at jernbanen er heilt overlegen energieffektiv samanlikna med bilen, sjølv med overgang til elbilar. Likevel ser vi ei utbygging som aldri før av naturknusande motorvegar.

Med seg i arbeidet med rapporten «Frå fossilt til fornybart» har Ola Dimmen hatt Harold Leffertstra, Håkon Kryvi og Ingunn Elstad, alle aktive i Besteforeldrenes klimaaksjon.


Politikarane vil ha meir jernbane, seier dei. I praksis prioriterar dei vegutbygging – og med det energisløsing. Bilete frå SRS scandiline.

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Knut Asskildt | 16.08.2023

    prøv å sette litt tall på de forskjellige tiltakene og si kort om forutsetninger for tallene. Ta gjerne med tall for usikkerheten også….

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*