Berekraft og arealbruk

Harold bilde 6
Tilnærma urørt norsk natur. Det er mindre igjen av det enn vi trur – og det vert raskt borte. Foto: Harold Leffertstra

Rett over påske er det ope møte om eit stadig meir aktuelt politisk spørsmål: berekraftig arealforvalting i det grøne skiftet. Det er arrangert av Besteforeldrenes klimaaksjon i Grenland og Universitetet i Søraust-Noreg, og vert halde på studiestaden Bø om kvelden onsdag 12. april. Mangeårig NRK-journalist Bo Lilledal Andersen er debattleiar.

Mange aktuelle spørsmål

Bakgrunn for møtet: Noreg har forplikta seg til Klimaavtalen og Naturavtalen. Samtidig har kommunane fått stadig større ansvar for miljø- og arealforvaltninga. Korleis kan lokale politikarar ivareta dette ansvaret på ein god måte? Korleis skal ein balansere energibehov, klimaavtale og naturavtale innan nasjonale tidsfristar?

Spørsmåla står i kø: Korleis fremje næringsutvikling på naturen og klimaet sine premiss? Korleis auke naturkompetansen i kommunane? Korleis få betre og uavhengig utgreiing av natur- og klimakonsekvensar av kommunale planar? Og korleis kan velgjarane få betre kunnskap om den kommunale innsatsen?

Krev kunnskap og mot

På det opne møtet vil ei rad politikarar frå ulike parti stille opp, frå Raudt til FrP, mange av dei kjende namn frå det politiske liv i Telemark, som har store utfordringar i å tenkje berekraftig og heilskapleg på bruken av natur – der 30 % skal vernast om Noreg skal leve opp til målsettinga vi har underskrive på.

Arrangøren viser til at dette krev kunnskap, mot og alliansar. Først vert det ein time med faglege føredrag om behovet for det grøne skiftet, naturkartleggingar osb. Etter pause er det paneldebatt og utspørjing av politikarane, leia av Bo Lilledal Andersen. Bø er valt som møtestad på grunn av utdanninga av studentar i naturkunnskap og forvalting. Under viser student Ellen Merethe Rekkavik og og Kari Vogsland frå BKA fram eitt av i alt ni studentprosjekt som vert utstilt i vestibylen på møtedagen.


 

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*