Mot opprustning

Demonstrasjon Rådhusparken 28.04.2021
Tromsø april 2021: Demonstrasjon mot planer om amerikansk ubåthamn.

I Tromsø har BKA engasjert seg mot etablering av hamn for atomubåtar. No er det amerikanske militærbasar på fastlandet det gjeld. «Tryggleiken og miljøet i nord blir ofra for ei meiningslaus militær opptrapping», skriv dei i høyringssvar til planane som ligg føre. Det som skjer no er det motsette av det våre felles globale utfordringar har trong for.

Frå høyringssvaret:

Besteforeldreaksjonen kjempar for eit trygt livsmiljø for kommande generasjonar. Det er vår forståing av tryggleik. Klima- og naturkrisa er den mest alvorlege krisa menneskeslekta har stått overfor. Ei global krise krev det motsette av militær opptrapping. Tryggleik blir muleg dersom landa umiddelbart satsar på forpliktande internasjonalt samarbeid, og då er nye militærbasar det siste vi treng.

Klima er ikkje nemnt i avtaleteksten og høyringsnotatet, sjølv om det er kjent at militære aktivitetar både tar store naturareal og skaper store utslepp, og er blant dei viktigaste pådrivarane for klimaendringar.

Dei planlagde amerikanske militærbasane (…) vil vere unntatt demokratisk norsk kontroll. Storting, regjering og sivilbefolkninga vil ha lite innflytnad på inngrep i landområda, havet og luftrommet, og på utsleppa av klimagassar.

Vi ønskar eit godt og trygt livsmiljø for dei som veks opp. I dag ser det ut til at tryggleiken og miljøet i nord blir ofra for ei meiningslaus militær opptrapping, og det skjer fort. Vi kan ikkje vere med det. Besteforeldrenes klimaaksjon Arktis avviser tilleggsavtalen om forsvarssamarbeid. Vi håpar flest muleg gjer det same.


Høyringssvar til regjeringa frå Besteforeldrenes klimaaksjon Arktis, Tromsø og omegn.

Fra den gangen hundretusener protesterte mot opprustning i Norge. Marsj mot atomvåpen 1951.

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*