Sjølvmotseiande

Hordfast 2
Hordfast-sambandet til 40 milliarder vil etter prognosene femdoble trafikken inn mot Bergen. Ill. fra Statens Vegvesen.

NRK har ein bra reportasje frå det lokalpolitikarane likar å kalle «gåbyen Bergen». Der ein skal kunne bu slik at ein ikkje treng å køyre bil i kvardagen. Samstundes ivrar mange av dei same politikarane for nye motorvegar som frå alle kantar vil auke trafikkmengda inn mot byen! Dei som skal arve jorda etter oss er taparane, seier transportforskar.

Målkonfliktar i kø

Schizofrenien i norsk samferdselspolitikk er slåande. Samstundes som stadig fleire byar inngår såkalla «byvekstavtaler», der målet er å redusere bilbruken og auke sykkel- og kollektivbruken, vert det bygd nye motorvegar mellom byane som aldri før, med prognosar som sprenger alle grenser for biltrafikken. Ser vi på bergensområdet gjeld det m.a:

Hordfast mellom Stord og Os
Dagleg trafikk på dei to ferjesambanda i dag: 3200
Berekna dagleg trafikk om 20 år med ny bru: 13.000

Ny motorveg Os–Bergen
Dagleg trafikk på innfartsårene i dag: 15.400
Berekna dagleg trafikk på ny motorveg om 20 år: 28.000

Nytt Sotra-samband
Dagleg trafikk på Sotrabrua i dag: 28.000
Berekna dagleg trafikk på nye Sotrabrua om 20 år: 41.000

Forskar Aud Tennøy ved Transportøkonomisk institutt kallar paradokset mellom byavtaler med nullvekstmål og planlagde motorvegar for «ein målkonflikt». – Eg tenker at dei som bur i byane no og i framtida, og som skal arve jorda etter oss, er taparane, seier ho.– Dei framtidige generasjonane sit ikkje ved forhandlingsbordet, konstaterer ho.

Medan samferdselsminsiter Knut Aril Hareide meiner at det er fullt mogleg å både ha nullvekst i privatbilismen, samtidig som ein bygger motorvegar inn til byane.– Det treng ikkje vere ein motsetnad. Men viss vi får ein auke i trafikk, må vi bidra til å satse meir på kollektiv, og få fleire til å sykle og gå, seier Hareide.

Reportasjen finn du her: Trafikken skal ned. Bygger samtidig motorvergar som skal auke trafikken.

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Normann Natland | 31.05.2021

    Skulle ønske vi etterhvert fikk politikere som tenker mer på dem som skal leve i framtiden enn kun å tenke «jeg velger en politikk som gjør at folk i dag stemmer på meg», – og dessverre opplever jeg at det er alt for mange vanlige mennesker som tenker det «behagelige i dag» framfor «det gode for framtidens generasjoner».
    «Fyttirakkeren»

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*