I strid med Grunnlova

Gunnar appell bergen

Frå lysmarkeringa i Bergen i går. Gunnar Kvåle heldt appell. Foto: Bjørghild des Bouvrie

Gunnar Kvåle bur i Os sør for Bergen. Han er professor i internasjonal helse, og sit i landsstyret for Besteforeldrenes klimaaksjon. I dag, i høve starten på ankesaka, skriv han i lokalavisa Os og Fusaposten og fortel sambygdingane sine kvifor me saksøker staten for brot på Grunnlova. Norsk olje- og klimapolitikk styrer mot ei global oppvarming langt over målet om å halda global oppvarming under 2 grader.

Frå artikkelen:

Noreg set ingen grenser for kor mykje fossile brennstoff me kan ta opp frå norsk sokkel og planlegg oljeutvinning lenge etter 2050. Dersom andre land gjer som Noreg, blir konsekvensane svært farlege for millionar som lever i dag, og for våre eigne barn og barnebarn.

Ei oppvarming på meir enn 1,5 grader vil gje oss ei verd med svært store problem. Ekstremvêr med sterkare stormar, meir nedbør og flaum i nokre område og tørke og brannar i andre, vil gje store materielle skadar og mange dødsfall, både i rike og fattige land. På sørlege breiddegradar vil vidare oppvarming føra til dødelege hetebølger som vil råka mange millionar av menneske stadig oftare. Havnivået vil fortsetja å stiga. Jordbruk blir umogleg i enkelte regionar. Levealder, helse og livskvalitet blir vesentleg redusert. Store straumar av flyktningar vil auka risiko for konfliktar og krig.

I denne alarmerande situasjonen tillèt likevel regjeringa vår fullt køyr i leiting etter meir olje og gass og deler ut rekordmange utvinningskonsesjonar. Nye område for leiting og produksjon blir stadig opna i det sårbare Barentshavet. Statsministeren har sagt at den som skal sløkka lyset på norsk sokkel er enno ikkje fødd. Dersom Erna Solberg får rett, kan store deler av kloden bli uleveleg.

Noreg er den sjuande største eksportøren av olje og den nest største eksportøren av gass i verda. Sjølv om norsk produksjon skulle vera noko reinare enn verdsgjennomsnittet, betyr dette svært lite i høve til utsleppa frå eksportert olje. Meir enn 90 prosent av utsleppa kjem ved forbrenning. For den norske utslepprekneskapen betyr òg norsk olje- og gassutvinning mykje. Utsleppa frå denne verksemda har auka med 75 prosent sidan 1990 og var i 2018 den største kjelda til nasjonale utslepp. Å fortsetja med denne slik regjeringa legg opp til, fører til så store utslepp at Grunnlova sin miljøparagraf er broten sjølv om utslepp frå norskprodusert olje i utlandet ikkje blir rekna med.

">
Spre kunnskap –
del denne saken!

!Vær den første til å kommentere

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*