Unge i Hardanger krev endring

Klimastreik Odda
Skulestreikarar på rådhustrappa i Odda. Der møtte dei listetoppar som tok dei på alvor.

«KLIMAET ENDRAR SEG – KVIFOR GJER IKKJE DU?» sto det på ein av plakatane som elevar frå Odda vidaregåande bar med seg då dei streika og marsjerte i flokk til byens rådhus og møtte toppkandidatane frå åtte politiske parti. Aksjonen var organisert av AUF og RU, som kravde endringar både i haldningar og praktisk politikk. Same tydelege melding kjem frå Sp sin ungdomskandidat ved valet.

Amazonas-appell
Mellom appellantane på rådhustrappa var elevrådsleiar Eirik Furuberg. Han var godt nøgd med oppslutninga både frå elevar og politikarar. – Eg opplever at vi blir tatt på alvor, sjølv om endringane som må kome i Odda og Ullensvang nok er ein god del større enn dei fleste tenkjer seg i dag. Det som var best mottatt mellom oss elevar var fråsegna som vart lese opp, der seks lokale partitoppar stiller seg bak eit krav om at den norske regjeringa gjer meir for å hindre øydelegginga av regnskogen i Brasil.

Som førstekandidatar i nye Ullensvang kommune i Hardanger vil vi på det sterkaste oppmode Regjeringa om å nytte alle midlar for å leggje press på Bolsonaro-regjeringa og norske selskap i Brasil for å hindre ytterlegare avskoging og skogbrannar i Amazonas, verdas lunge.

Regjeringa må avslå ein ny handelsavtale inntil Brasil har garantert dette.
Regjeringa må påleggje norske selskap  å sikre avskogingsfrie verdikjedar i Brasil.
Regjeringa må stø det sivile samfunnet og forskarar som i dag kjempar for framtida til Amazonas.

Raudt v/ Terje Kollbotn, MDG v/ Rachel M. Tapio, SV v/ Inger Marie Himle, Venstre v/ Eivind Tokheim, KrF v/ Reidun H. Dalseth, SP v/ Lajla-Margrethe Lindskog Lund

«Den største dugnaden»
Tidlegare denne veka deltok dei same førstekandidatane på eit godt besøkt debattmøte arrangert av Besteforeldrenes klimaaksjon. Senterpartiet stilte med sin ungdomskanidat, 18 år gamle Tiril Eiken frå Herand. Ho heldt ein uvanleg appell og etterlyste «den største dugnaden og den største haldningskampanjen som nokon sinne har vore».

Klima-og miljøkampen føregår på fleire ulike nivå og arena. I globalt perspektiv gjeld det å få til gode internasjonale avtalar. På nasjonalt nivå må me følgja opp dei internasjonale avtalane og sørga for eit overordna lov- og regelverk, som gjer at me når dei måla som er sett. På lokalt må det leggast til rette slik at det er enkelt for folk å ta dei gode vala. Og til sist må ein ta ansvar på det personlege nivået. I klimasaka er me alle i same båt om me bur i Hardanger eller Honduras.

For meg er det innlysande at me sjølve er årsaka til situasjonen me er hamna i. Naturen er eit finjustert maskineri og me har tukla alt for mykje med det. Samstundes er den største suksessfaktoren eg ser i klimakampen at alle kan bidra. Det ein gjer som enkeltperson hjelper faktisk. Me treng den største dugnaden og den største haldningskampanjen som nokon sinne har vore. No har me sjansen til å gjera det frivillig, om nokre år må kanskje politikarar ta grep som tvingar oss. Det er ingen grunn til å venta på det, så lat oss ta kampen med ein gong.

Eg får stadig høyra at det er me unge som er problemet, at me ventar oss ein stadig høgare levestandard. Det er ikkje sant lenger, og eg er overtydd om at det dei fleste av oss ynskjer oss ei sikker framtid, og me er villige til å redusera forbruket vårt. Derfor vil senterpartiet ha tiltak og haldningar som monnar. Ikkje tøysetiltak som forbod mot å dyrka myr og reduksjon av kjøtinntak til eit fingerbøl i veka. Går ein inn på flyradaren på nettet og ser tal fly som fer over oss dagleg, så trur eg det monnar meir å tenka seg om to gonger før ein bestiller billett. Dessutan er eg overtydd om at det er enklare å legga om reisevanane enn det daglege kosthaldet.

Dagens foreldregenerasjon og besteforeldregenerasjon er oppvaksen med foreldre og besteforeldre som har fortald historier om harde kår, tresko, utedo og snøstorm.

Hardanger Folkeblad frå debatten

Komande generasjonar skal veksa opp med besteforeldre som kjem til å fortelja om då dei var til Syden fleire gonger i året, reiste på storbyweekendar på kontinentet, helste på fridomsgudinna i New York og åt kortreist mat på Manhattan. Eg er fullt klar over at dette vil vera utanfor vår rekkevidde. Likevel er eg overtydd om at min generasjon og dei etter meg  skal greia å leva eit fullverdig liv utan å ha sett operahuset i Sydney eller gått på den kinesiske mur. Eg vel å vera optimist, og attende til tresko og utedo skal me aldri sjølv om enkelte klimafornektarar framstiller eit kvart utspel om måtehald slik. Eg trur at det i relativt nær framtid vil finnast løysingar som reduserer utsleppa våre, men desse vinningane må ikkje bli oppetne av auka forbruk. Me har det meir enn godt nok slik me har det her; utan interkontinentale feriereiser.

Spre klimavett,
del denne saken!

2 kommentarer

  1. Steinar Winther Christensen | 30.08.2019

    Det er så mange flotte folk i landet vårt. Stor takk til alle i Odda og til BKA-folka frå Bergen.

  2. Birthe Nielsen | 01.09.2019

    Veldig flott debattmøte!Viser at ungdommen ser mulighetene både globalt, nasjonalt og lokalt og at de selv er villige til å gjøre forandringer!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*