Heilskapleg industripolitikk

  • EMNER:
  • PUBLISERT:
    onsdag 27. jun 2018
  • AV:
    Redaksjonen
klima2050

Noreg treng ein moderne industripolitikk der vi stiller strenge klimakrav som fremmar teknologiutvikling, skriv Alf Holmelid. Han er tidlegare stortingsrepresentant for SV og forskningsdirektør ved Universitetet i Agder. Klimakvotehandel som vi har nytta oss så mykje av her til lands, står etter hans syn i vegen for dette. «Eit slikt system motiverer ikkje til langsiktig teknologiutvikling, og norsk industri kan misse sin leiande teknologiske posisjon.»

Offensiv miljøsatsing
Før sa vi at det vi treng for å drive eit aluminiumsverk er straum, straum, straum og ei hamn. Straum er framleis viktig, men vi treng også kompetanse, samarbeid og dyktige operatørar. Det sa presidenten i Alcoa, Timothy Reyes, då han var i Oslo nyleg i følgje Fædrelandsvennen. Dette er ikkje noko revolusjonerande nytt. Men det er ei påminning om at industripolitikk er meir enn konkurransedyktige kraftpriser. Skal vi vidareutvikle norsk industri og skape fleire arbeidsplasser, må vi også ha ein industripolitikk for teknologi, miljø og eigarskap.

Vi som har levd nokre år, hugsar kampen mot miljøskadelege utslepp frå industrien for nokre tiår sidan. Miljørørsla og den politiske venstresida fronta miljøkampen, og utsleppskrava blei gradvis stramma inn. Det mangla ikkje på protestar og trugsmål om utflagging og konkurs. Men etter kvart tok industrien utfordringa. Med ulike støtteordningar til hjelp blei det utvikla ny teknologi som reduserte utsleppa, og som samtidig gav mange andre fordelar, blant anna redusert energiforbruk og betre produktkvalitet. Den offensive miljøsatsinga på eit tidleg tidspunkt gav oss eit teknologisk forsprang som la grunnlaget for den sterke posisjonen industrien har i dag.

Kvotesystemet står i vegen
No er det klimakrav som står på dagsorden. Men her har ein valt å satse på eit kvotesystem som ikkje fremmar teknologiutvikling på same måten som miljøkrava på åttitalet. Det grunnleggjande prinsippet for det europeiske kvotesystemet, EU ETS, er å redusere utsleppa der det kostar minst. Det fremmar bruk av kjent teknologi i heile kvoteområdet framfor å utvikle ny teknologi. Eit slikt system motiverer ikkje dei som ligg i teknologifronten, til langsiktig teknologiutvikling, og norsk industri kan misse sin leiande teknologiske posisjon. Då industrien fekk konkrete utsleppskrav på åttitalet, var teknologiutvikling den naturlege løysinga, men i kvotesystemet kan ein i staden kjøpe seg tid. Dessutan høyrer vi stadig oftare argumentet om at ny teknologi er bortkasta, fordi dei ledige kvotane kan  gi auka utslepp andre stader.

Når kvotesystemet ikkje fremmar teknologiutvikling like effektivt som tidlegare miljøreguleringar, korleis skal vi då sikre at norsk industri er i teknologifronten? Og korleis skal vi bidra til at industrien bevegar seg oppover i verdikjeda og skaper større verdiar og fleire arbeidsplassar? Omlegging til meir industrifokus i ENOVA og etablering av samarbeidsforumet Prosess 21 er skritt i riktig retning. Men er det nok til å få industrien til å satse langsiktig på teknologiutvikling framfor kortsiktig utbytte? Prosessindustrien har utarbeidd eit veikart der visjonen er å nå nullutslepp i 2050. Kanskje burde staten ta bransjen på ordet og inngå ein forpliktande avtale der rammevilkår og støtte til teknologiutvikling  er kopla direkte opp i mot klare delresultat på vegen mot nullutslepp.

Eigarskap og industriutvikling
I motsetning til det høgresida hevdar, så har vi mange eksempel på at statleg engasjement har skapt teknologiutvikling og næringsutvikling. Elkem begynte å forske på solceller med midlar frå eit oljeselskap som måtte investere i aktivitet på land for å få konsesjon for oljeleiting på norsk sokkel. Eit anna eksempel er utviklinga av vår verdsleiande oljeleverandørindustri. Den er resultat av ein bevisst politikk for å bruke ressursgrunnlaget til å bygge opp norsk industri. Venstresida må lære av historia og gjenreise den aktive næringspolitikken.

Det er lite diskusjon om utanlandsk eigarskap i norsk industri for tida, sjølv om det får stadig større omfang. Grunnen kan vere at dei utanlandske eigarane ofte har vist seg å vere langsiktige industrielle eigarar. Det kinesiske Bluestar tok for eksempel Elkem Silicon gjennom krisa etter at Stein Erik Hagen og Orkla hadde kasta korta. Men vi har også sett eksempel på at utanlandske eigarar trekkjer arbeidsplassane tilbake til heimlandet når det røyner på. Heile utviklingsavdelinga til Ericsson i Grimstad blei lagt ned då IT-bobla sprakk ved tusenårsskiftet.

Sjølv om utanlandske eigarar ofte har vist seg som gode industrielle eigarar for dagens industri, så bør vi stille spørsmål om kva som skjer med den langsiktige nyskapande teknologiutviklinga. Det er ikkje urimeleg å gå ut i frå at den blir lagt nær hovudkontoret og toppleiinga i konsernet. Alle bransjar bør derfor ha eit element av norsk eigarskap for å sikre at vi har kontakt med teknologifronten. Når norske kapitalistar viser lite interesse for langsiktig industrielt eigarskap, bør vi diskutere korleis vi kan bruke statleg eigarskap for å sikre langsiktig teknologiutvikling i strategisk viktige bransjar.

Industrien står overfor store utfordringar og store omveltingar i tida framover. Det er på tide at venstresida løfter debatten om korleis vi skal klare å halde fram som ein leiande industrinasjon. Ressursgrunnlaget er viktig, og der har venstresida tradisjonelt hatt eit sterkt engasjement. Det same gjeld verdien av å ta vare på den norske arbeidslivsmodellen. Men vi må tenkje breiare. Vi må utvikle ein industristrategi som også omfattar:

  • ein teknologistrategi som kan kompensere for at kvotesystemet er lite teknologifremmande
  • forpliktande (bransjevise) avtaler om handlingsplanar for nullutslepp
  • ein aktiv statleg eigarskapspolitikk som kan vere med på å løfte fram neste generasjons industri

Alf Holmelid
tidlegare medlem i Næringskomiteen for SV og medlem av Besteforeldrenes klimaaksjon

(først trykt som kronikk i Klassekampen 26. juni)

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*